Comité flamand de France

fransk samskipnad

Flamske komiteen i Frankrike er ein fransk ideell samskipnad vigd til å være eit lærd selskap for utforsking, bevaring og fremjing av den flamske kulturen i Fransk Flandern, med særleg interesse for språk, litteratur og historie. Den 10. april 1853 vart komiteen, oppretta under det franske namnet Comité flamand de France, stifta i Dunkerque under leiing av Edmond de Coussemaker.[1] Han har vore verksam sidan då, og er soleis eit av dei eldste lærde selskap i Frankrike.

Komiteen held til i Hazebrouck, der han har eit fagbibliotek, med alle sine eigne publikasjonar, samt andre verk frå landsdelen, som vert oppbevarte og samla. Han er også ansvarleg for forvaltinga av samlingane til Jeanne Devos-museet i Wormhout.

Kjelder

endre
  1. Raymond de Bertrand (1859). Société dunkerquoise pour l'encouragement des sciences, des lettres et des arts, red. Mémoires de la Société dunkerquoise pour l'encouragement des sciences, des lettres et des arts (på fransk) 6. Monographie de la rue David d'Angers à Dunkerque – Comité flamand de France. Dunkerque: Typographie Benjamin Kien. s. 310–316. 

Bakgrunnsstoff

endre