Arthur Conan Doyle

(Omdirigert frå Conan Doyle)

Sir Arthur Ignatius Conan Doyle (22. mai 18597. juli 1930) var ein britisk lege og forfattar. Han er best kjend for detektivromanane sine med hovudfiguren Sherlock Holmes, som er rekna som eit vesentleg bidrag til kriminallitteraturen. Doyle var ein profilert forfattar som òg skreiv science fiction, historiske romanar, skodespel, romanar og artiklar. Han vert ofte referert til som Conan Doyle. Conan var opphavleg eit mellomnamn, men han brukte det sjølv som ein del av etternamnet i dei siste åra.

Arthur Conan Doyle

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Storbritannia
Fødd 22. mai 1859
Edinburgh
Død

7. juli 1930 (71 år)
Crowborough, Windlesham Manor

Yrke lege, medisinsk forfattar, romanforfattar, essayist, skodespelforfattar, manusforfattar, science fiction-forfattar, barnebokforfattar, krimforfatter, skribent, novelleforfattar, historikar
Språk engelsk
Politisk parti Det liberale unionistpartiet
Religion ikke-praktiserende katolikk, spiritisme
Far Charles Altamont Doyle
Mor Mary Foley
Ektefelle Louisa Hawkins, Jean Leckie
Nettstad https://conandoyleestate.com
Arthur Conan Doyle på Commons

Biografi endre

Arthur Conan Doyle vart fødd i Edinburgh av irske foreldre som hadde emigrert til Skottland og vorte del av det lokale aristokratiet. Han vart send som niåring til Stonyhurst, ein barneskule driven av den katolske presteordenen jesuittane. Med mellomnamnet «Ignatius» er det rimeleg å tru at foreldra hans var truande katolikkar, men då Conan Doyle forlét skulen i 1875 forlét han òg kristendommen som livssyn og vart agnostikar.

Frå 1876 til 1881 studerte han medisin ved Edinburgh University, og var ei tid utplassert i byen Aston, no eit distrikt under Birmingham. Som ein del av studiet hadde han òg praksis som skipslege på ei ferd til Vest-Afrika. I 1882 etablerte han ein legepraksis i Plymouth. Han fekk eksamensbevisa sine i 1885. Den medisinske praksisen hans var ikkje særleg innbringande. Medan han venta på pasientar, byrja han å skrive forteljingar.

Doyle hadde debutert med ei forteljing i Chambers's Edinburgh Journal i studietida, men det var etter at han flytta praksisen sin til Southsea at han byrja å skrive skjønnlitteratur for alvor. Grunnen var at det var langt mellom pasientane, så langt at likningsvesenet sende sjølvmeldinga hans attende med påskrifta '«Særs utilfredstillande»'. Han skreiv tilbake: «Eg er heilt einig!»

Den fyrste forteljinga endre

 
Sherlock Holmes (høgre) og dr. Watson, teikna av Sidney Paget

Det fyrste betydelege verket hans var «A Study in Scarlet» (En studie i rødt) som vart trykt i Beeton's Christmas Annual i 1887. Det er her Sherlock Holmes stig fram fyrste gong. Figuren var inspirert av den tidlegare universitetsprofessoren til Doyle, Joseph Bell, som Doyle hadde vore assistent for.

Medan han budde i Southsea, var han med og skipa Portsmouth Football Club, der han sjølv var den fyrste målmannen.

Ekteskap endre

I 1885 gifta han seg med Louise Hawkins, som leid av tuberkulose og døydde av det i 1906. Året etter gifta han seg med Jean Leckie, som han hadde møtt og vorte forelska i allereie i 1897. Han heldt forholdet platonisk til den fyrste kona døydde. Doyle fekk fem born, to med sin den fyrste kona (Mary og Kingsley), og tre med den andre kona si (Jean, Denis og Adrian).

Holmes må døy! endre

 
Statue av Arthur Conan Doyle i Crowborough

I 1890 studerte Doyle optikk og augemedisin i Wien, og i 1891 flytta han til London for å opprette praksis augelege. Det gav han også meir tid til skriving.

 
Minneplakett nær Reichenbachfossen der Doyle lét Moriarty og Sherlock Holmes styrte i døden.

I november 1891 kunne han nemne i eit brev mor si at «Eg tenkjer på å ta livet av Holmes ... og setje han i skåpet for godt. Han tek merksemda mi frå betre ting.»

I desember 1893 gjorde han dette for å kunne bruke meir tid «viktigare ting», nemleg historiske romanar.

Doyle lét Holmes møte erkefienden sin, professor Moriarty. Dei fall begge utfor ein foss i Sveits i «The Final Story» (Det siste problem). Doyle visste ikkje kor viktig Holmes hadde vorte for lesarane, og han kjende seg pressa til å la Holmes kome attende i forteljinga «The Adventure of the Empty House» (Historia om det tomme huset). Doyle forklarte at det var berre Moriarty som hadde falle i døden, og sidan Holmes hadde andre dødelege fiendar, hadde han sett seg tent med å «spele død».

Sherlock Holmes var hovudpersonen i 56 noveller og fire romanar. (Det finst òg andre forfattarar enn Conan Doyle som har skrive bøker om han.)

Inn i politikken endre

Boarkrigen i Sør-Afrika og fordømminga av britisk imperialisme fekk Doyle til å skrive ein pamflett med tittelen «The War in South Africa: Its Cause and Conduct» (Krigen i Sør-Afrika; årsak og gang) som vart omsett til mange språk. Den forsvarte rolla til Storbritannia i krigen. Doyle meinte sjølv at denne pamfletten var grunnen til at han vart slegen til riddar og utnemnd til visestatthalder i Surrey i 1902.

Han skreiv òg ei lengre bok, The Great Boer War, i 1900. Tidleg på 1900-talet stilte Sir Arthur to gonger til val i det britiske parlamentet som Liberal Unionist, ei gong i Edinburgh og ein gong i Border Burghs, men sjølv om han fekk ein god del røyster, vart han ikkje innvald. Han vart derimot den fyrste æresmedlemmen av Ski Club of Great Britain, Den britiske skiforeininga.

Conan Doyle var involvert i kampanjen for å reformere Fristaten Kongo, ein kampanje som vart leia av journalisten Edmund Dene Morel og diplomaten Roger Casement. Han skreiv «The Crime of the Congo» i 1909, ein lang pamflett som fordømde overgrepa i Kongo. Han var ven med både Morel og Casement, og vart inspirert til å bruke dei begge som hovudfigurar i romanen The Lost World i 1912. Han braut kontakten med dei begge då fyrste verdskrigen braut ut. Morel var på venstresida i politikken og vart ein av leiarane i pasifistrørsla, medan Casement «sveik» England for å skaffe våpen til den irske sjølvstendestriden. Då Casement vart arrestert for landssvik og fekk dødsstraff, stilte Conan Doyle likevel opp og hevda at Casement hadde vorte galen og ikkje var ansvarleg for handlingane sine.

Møte med rettssystemet endre

Doyle var òg ein ivrig talsmann for juridisk rettferd, og personleg etterforska han to kriminalsaker i 1906; den fyrste involverte ein sky britisk-indisk advokat, George Edalji, som var tiltala for å ha skrive trugande brev og mishandla dyr. Politiet var overbeviste om at Edalji var skuldig, og at mishandlinga hadde skjedd etter at han var vorte arrestert. Det var på grunnlag av denne saka at Court of Criminal Appeal (Ankedomstolen for kriminalsaker) vart skipa i 1907.

Den andre saka gjaldt Oscar Slater, ein tysk jøde og spelar som var dømd for å ha plyndra ei 82 år gammal dame i 1908. Det som var uklart og motseiande i prosedyrane, pirra forvitenskapen til Doyle og gav han mistanke at Slater var tiltala på falskt grunnlag. Både Edalji og Slater vart sett fri mellom anna som resultat av Conan Doyles arbeid for dei.

Møte med det overnaturlege endre

Mot slutten av livet vart Conan Doyle interessert i spiritisme (trua på det overnaturlege) og skreiv romanen The Land of Mist (Tåkens land) om dette emnet. Han trudde dessutan på alvar, og skreiv boka The Coming of the Fairies (1921). Det går fram at han trudde at dei såkalla Cottingley-bileta, som han trykte i boka, var ekte. Cottingley-bileta vart avslørte som falsum etter at Doyle var død.

Ei av novellesamlingane til Doyle, The Adventures of Sherlock Holmes, vart forbodne i Sovjetunionen i 1929 fordi styresmaktene meinte ho inneheldt okkultisme. Forbodet vart seinare heva.

Doyle var i tid ven med den amerikanske tryllekunstnaren Harry Houdini som var ein framståande motstandar av spiritistrørsla og avslørte spiritistiske medium som bløffmakarar. Doyle trudde at Houdini sjølv måtte ha overnaturlege krefter, og skreiv om det i boka The Edge of the Unknown ('På kanten av det ukjente'). Houdini greidde ikkje å overbevise Doyle om at han berre brukte triks.

Ettermæle endre

Arthur Conan Doyle døydde i Crowborough i England og er gravlagd på kyrkjegarden Minstead i New Forest i Hampshire.

Det er reist ei statue av han ved Crowborough Cross i Crowborough i East Sussex, der Sir Arthur budde i 23 år. Det er òg ei statue av Sherlock Holmes i Picardy Place i Edinburgh, rett ved huset der Conan Doyle vart fødd.

Sjå òg endre

Utvald bibliografi endre

Sherlock Holmes-historiene:

  • A Study in Scarlet (1887)
  • The Sign of Four (1890)
  • The Adventures of Sherlock Holmes (1892)
  • The Memoirs of Sherlock Holmes (1894)
  • The Hound of the Baskervilles (1902)
  • The Return of Sherlock Holmes (1904)
  • The Valley of Fear (1914)
  • His Last Bow (1917)
  • The Case Book of Sherlock Holmes (1927)

Professor Challenger-historiene:

  • The Lost World (1912)
  • The Poison Belt (1913)
  • The Land of Mists (1926)
  • The Disintegration Machine (1927)
  • When the World Screamed (1928)

Historiske romanar:

  • The White Company (1891)
  • Micah Clarke (1888)
  • The Great Shadow (1892)
  • The Refugees (1893)
  • Uncle Bernac (1897)
  • Sir Nigel (1906)

Andre verk:

  • Mystery of Cloomber (1889)
  • The Captain of the Polestar, and other tales (1890)
  • The Doings Of Raffles Haw (1891)
  • Beyond the City (1892)
  • Round The Red Lamp (1894)
  • The Parasite (1894)
  • The Stark Munro Letters (1895)
  • Rodney Stone (1896)
  • Songs of Action (1898)
  • The Tragedy of The Korosko (1898)
  • A Duet (1899)
  • The Great Boer War (1900)
  • The Exploits of Brigadier Gerard (1903)
  • Through the Magic Door (1907)
  • The Crime of the Congo (1909)
  • The New Revelation (1918)
  • The Vital Message (1919)
  • Tales of Terror & Mystery (1923)
  • The History of Spiritualism (1926)

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre