Concertato er eit uttrykk i tidleg barokkmusikk som anten viser til ein sjanger eller ein stil der ei gruppe instrument eller stemmer deler ein melodi, vanlegvis vekselsvis, og nesten alltid over ein basso continuo. Uttrykket kjem frå det italienske concerto, som tyder 'å spele saman'. Dette har gjeve concertato, som tyder 'i concerto-stil'. I dag vert uttrykket nærast nytta som eit adjektiv, til dømes «tre stykke frå setter er i concertato-stil.»

Særs enkelt kan ein si at concertatostilen omfattar kontrastar mellom motsette stemmegrupper og instrumentgrupper, medan concerto-stilen, spesielt når han vart utvikla til concerto grosso seinare i barokken, omfattar konstrasten mellom små og store grupper av liknande samansetting (seinare kalla «ripieno» og «concertino»).

Komponistar av musikk i concertato-stil endre

Kjelder endre