Connie Francis
Connie Francis (fødd 12. desember 1938) er ein USA-amerikansk songar frå Newark i New Jersey. Francis hadde fleire internasjonale hittar i 1950- og 1960-åra. Blant dei best kjende er «Who's Sorry Now?», «Lipstick on Your Collar», «Somewhere My Love» og «Stupid Cupid». Ho toppa hitlistene fleire gonger, som med «Everybody's Somebody's Fool».
Connie Francis | |
| |
Fødd | 12. desember 1938 (84 år) |
---|---|
Fødestad | Newark |
Fødenamn | Concetta Rosemarie Franconero |
Alias | Connie Francis |
Opphav | USA |
Aktiv | 1943– |
Sjanger | popstandardard, country |
Instrument | trekkspel, vokal, pianotrekkspill |
Plateselskap | MGM Records |
Verka som | songar, skodespelar, musikar, fjernsynsskodespelar, låtskrivar, filmskodespelar |
Francis heitte opphavleg Concetta Rosemarie Franconero. Ho kom frå ein italiensk-amerikansk familie og voks opp i bydelen Italian Down Neck, eller Ironbound, i Newark i New Jersey, etter å ha levd dei første åra av livet i Brooklyn.[1]
Ho byrja tidleg å opptre offentleg. Som tiåring var ho med i det amerikanska fjernsynsprogrammet Startime, der unga talent fekk sjansen til å visa seg fram. Ho opptredde først med trekkspel, men gjekk snart over til å berre synga. Det var her ho fekk det kortare artistnamnet Connie Francis.
Connie Francis gav ut sin første singel i 1955, men fekk ikkje stor suksess før i 1957 med «Who's Sorry Now?». Francis spelte inn plater på tretten språk i løpet av karrieren: Engelsk, fransk, gresk, italiensk (og dialekten napolitansk), hawaiisk, hebraisk, japansk, jiddisch, latin, nederlandsk, portugisisk, svensk og tysk. Under ein live-konsert i Braşov i Romania i mars 1970 sang ho også på rumensk.
Kjelder endre
- ↑ Connie Francis: Who's Sorry Now? (Autogiography), St. Martin's Press, 1984, ISBN 0-312-87088-4
- Denne artikkelen bygger på «Connie Francis» frå Wikipedia på bokmål, og «Connie Francis» frå Wikipedia på svensk den 17. november 2016.