Coop Indre Vestland

Coop Indre Vestland BA var eit samvirkelag på Vestlandet. Det vart skipa i 2000 då samvirkelaga Sogn, Årdal og Voss fusjonerte til Indre Vestland Samvirkelag. Diverre tapte Coop Indre Vestland store marknadsandeler i Sogndal etter bygginga av Sogningen Storsenter. Dette vart kompensert med å setja ned kjøpeutbytet og leggja ned ei rekkje små Coop Marked-filialar. Etter store økonomiske problem vart laget sett under administrasjon av Coop NKL. I 2004 vart det delt, slik at butikkane i Sogn (unnateke Flåm) vart lagde under Coop Sogn og Fjordane, medan resten gjekk til Coop Hordaland.

HistorieEndra

Sogn SamvirkelagEndra

Sogn Samvirkelag vart skipa i 1965, ved at samvirkelaga Balestrand, Systrond, Sogndal, Kaupanger, Lærdal, Ljøsne, Indre Hafslo, Gaupne, Jostedal og Skjolden slo seg saman. Året etter kom også samvirkelaga Fjærland, Fresvik, Hafslo og Fortun med. Hovudadministrasjonen låg i Sogndal.

Sogn Samvirkelag bygde Domus Varehus i Gravensteinsgata i Sogndal i 1969. I 1998 gjekk dei saman med K-Sentret om å byggja Sogningen Storsenter.

Årdal SamvirkelagEndra

Øvre Årdal Samvirkelag vart skipa i 1928, medan Nedre Årdal Samvirkelag kom til i 1932. Laga vart seinare fusjonerte til Årdal Samvirkelag, som i 2000 gjekk inn i Coop Indre Vestland. I 2013 opna Coop Vest det 6300 kvm. store Årdalssenteret, som inneheld Coop Extra og 12 andre butikkar. Butikken på Årdalstangen vart lagd ned hausten 2014.

Voss SamvirkelagEndra

Voss Samvirkelag vart skipa i 1921. I 2000 gjekk det inn i Coop Indre Vestland.

KjelderEndra