Cornelis Vreeswijk

Cornelis Vreeswijk, (8. august 193712. november 1987) var ein nederlandsk-svensk visesongar, komponist og diktar. Han er rekna som ein av dei største svenske trubadurane, på line med Carl Michael Bellman og Evert Taube.

Cornelis Vreeswijk

Cornelis Vreeswijk, 1967
Fødd8. august 1937
IJmuiden i Nederland
FødestadIJmuiden
Død12. november 1987 (50 år)
DødsstadStockholm
OpphavKongeriket Nederlanda
Aktiv1964 til 1987
Sjangervisesong
Instrumentgitar
PlateselskapMetronome, Philips Records
Verka somLåtskrivar, musikar, skodespelar
Gift medIngalill Rehnberg, Bim Warne, Anita Strandell
BornJack Vreeswijk
PrisarEvert Taube-stipendet, Grammis, Spelmannen, Grammis, Grammis, Grammis, Nils Ferlin-Sällskapet, Svenska grammofonpriset, Grammis, Grammis, Swedish Music Hall of Fame

Cornelis Vreeswijk vart fødd i hamnebyen IJmuiden i Nederland og flytta som tolvåring med familien til Sverige. Han slo igjennom som visesongar i 1960-åra. Han arbeidde heilt fram til han døydde. Ved sida av eigne låtar, spelte han inn songar av Carl Michael Bellman, Victor Jara, Povel Ramel, Evert Taube og Lars Forssell. Han levde eit hardt turnéliv, og privatlivet hans er karakterisert som stormfullt.

Biografi endre

Cornelis Vreeswijk hadde barneåra i Nederland, der faren Jacob Vreeswijk var drosje- og lastebileigar. Mor hans het Jeanne. Han hadde tre yngre systrer. Då Tyskland okkuperte Nederland i 1940, mista faren råderetten over bilane, og tilhøva for familien vart vanskelege.

I november 1950 flytta familien Vreeswijk till Ekerö utanfor Stockholm. Faren fekk arbeid som bilmekanikar i Stockholm. Etter realskuleeksamen gjekk Cornelis til sjøs, men han mønstra av etter berre fire månader. I staden tok han forskjellig arbeid på heimstaden, mellom anna som pleiemedhjelpar på eit psykiatrisk sjukehus, samstundes som han lærte seg å spele gitar og begynte å skrive eigne songar. Mens resten av familien flytta attende til Nederland, vart Cornelis i Sverige. Målet hans var å bli journalist. I arbeidet på sjukehuset møtte han Ingalill Rehnberg, og dei gifta seg i 1962.

Gjenombrotet endre

I 1962 fekk Cornelis diktet Den förtrollade telefonen på trykk i Dagens Nyheter. Han byrja også å opptre på studentarrangement med songane sine. I desember 1963 ville Fred Åkerström synge nokre av visene hans inn på plate, men plateselskapet til Åkestrøm vart imponert over Vreswijk og ville heller ha han til å synge songane sjølv. Våren 1964 kom Cornelis første LP ut på plateselskapet Metronome, Ballader och oförskämdheter. Plata selde til gullplate. Hausten 1964 la Cornelis Vreeswijk, Fred Åkerström og Ann-Louise Hanson saman med gitaristen Nils Hellmark ut på ein omfattande Sverigeturné.

 
Frå venstre: Cornelis Vreeswijk, Fred Åkerström (mitten) og Gösta ”Skepparen” Cervin på Vietnamdemonstrasjon i Stockholm den 28. august 1965.

I 1965 kom den andre LPen hans ut, Ballader och grimascher. Han gav mange konsertar og hadde ei birolle i filmen Salta gubbar och sextanter.

To av melodiane hans gjorde suksess på Svensktoppen: I natt jag drömde og Brev från kolonien. 1966 bestemte leiinga i Sveriges Radio at visene hans skulle «spelas med stor urskillning». Cornelis vart rasande og forbaud SR å spele visene hans. Protesten vart altfor kostbar for han, og han trekte forbodet attende seinare same året. Same året gav han ut LP-en Grimascher och telegram i samarbeid med jazzpianisten Jan Johansson.

Sommaren 1967 søkk husbåten han arbeidde i, og Cornelis mista både songtekstar og eit filmmanus han hadde arbeidd på. Same året fekk han ein stor rolle som kokken i filmen Svarta palmkronor. Filmen vart spelt inn i Rio de Janeiro, og her kom Cornelis i kontakt med sambaen, noko som sidan kom til å prege musikken hans.

I 1968 vart Cornelis og Ingalill skilde. Same året kom LP-en Tio vackra visor och Personliga Person, med tydeleg brasiliansk inspirasjon, ikkje minst i «Deirdres samba».

Åra 1968–69 spelte Cornelis teater i Helsingborg og Malmö. Han turnerte også med Östen Warnerbring. Hausten 1969 utkom LPen Cornelis sjunger Taube. Den ukonvensjonelle tolkinga av Sveriges nasjonalskald fekk mykje merksemd og vart teken godt imot både hos kritikarane og platekjøparane.

1970-talet endre

 
Ein skulptur av Cornelis Vreeswijk står i Cornelisparken i Stockholm.

1970 kom Cornelis første diktsamling, En handfull gräs, som fekk god mottaking. Saman med Made in Sweden og Björn J:son Lindh spelte han inn dobbelplata Poem, ballader och lite blues. Også et kroshow på Hamburger Börs i Stockholm saman med Ernst-Hugo Järegård og Östen WarnerbringLyckohjulet eller Var ska jag hänga min hatt i natt resulterte i ein LP. Same året gifta Cornelis seg med Bim Warne.

I 1971 flytta Cornelis og Bim til en villa i Skåne. Corenslis ville vekk frå den hektiske festinga i Stockholm. Cornelis Vreeswijk hadde lite orden på økonomien, han tente godt men brukte meir, rapporterte ikkje tilfredsstillande til likningskontoret og vart skjønnslikna. For å løyse problema, skifta han plateselskap, til det nederlandske Philips Records. Hans første LP for Philips vart Spring mot Ulla, spring!, med tretten av Bellmans Fredmans epistlar, i ei unik og personleg tolking. Same året fekk han førsteplassen på Svensktoppen med En fattig trubadur.

Året etter gav han ut plata Visor, svarta och röda, der han tolka Lars Forssell. I 1972–1974 budde Cornelis og Bim delvis i Nederland og Frankrike. Planen var å lansere han som internasjonal artist. Han omsette nokre av visene sine til nederlandsk, og gjorde suksess med songane De nozem en de non (Raggaren och nunnan) och Veronica. 1973 gav han ut LPen Istället för vykort på plateselskapet til ”Yrkestrubadurernas förening”. I 1974 hadde han ei hovudrolle i filmen Rännstensungar og gav ut LPen Getinghonung.

Åra 1975 og 1976 vart vanskelege for Cornelis Vreeswijk. Han og Bim vart separerte og skilde, Cornelis busette seg i København. Han hadde store problem med misbruk av piller og alkohol.

1977 utkom ei ny plate med Bellmans songar og epistlar, Movitz! Movitz!, no i meir tradisjonell tolking. Same året gav han ut ei plate med tolkingar av den chilenske visediktaren Víctor Jara .

Dei siste åra endre

Cornelis gifta seg med Anita Strandell i 1979. Bryllupsreisa gjekk til Brasil, og som kunstnarisk resultat av reisa kom plata Om Deirdre, der Anita Strandell syng visene til Cornelis. Sidan kom plata Bananer – bland annat. 1980 kom LPen En spjutkastares visor, med Cornelis tolkingar av den finske songaren Tapio Rautavaara, som hadde olympisk gullmedalje i spydkast, derav tittelen. 1981 kom ei ny plate med eigne songar, Hommager och pamfletter, mens han vart skild for tredje gong.

No følgde ein ny vanskeleg periode i livet til Cornelis Vreeswijk. Han hadde stadige konfliktar med skattefuten, og i 1983 gjekk han til sveltestreik for å løyse problemet. 1984 spelte han inn ei LP-plate i Tromsø, Mannen som älskade träd, med nyskrive materiale. 1985 fekk han diagnosen diabetes.

Den 12 desember 1986 viste svensk fjernsyn filmen Balladen om den flygande holländaren, eit program om livet og diktinga til Cornelis Vreeswijk. 1986 kom plata med den nesten profetiske tittelen I elfte timmen med Cornelis klassiske visemateriale i eit opprocka 1980-talsarrangement.

 
Gravsteinen over Cornelis Vreeswijks ved Katarina kyrka.

Sommaren 1987 fekk han stor jubel for songen på Roskildefestivalen og Visfestivalen i Västervik, til tross for diabetes og leverkreft. September og oktober 1987 spelte han inn den siste plata si, Till Fatumeh – rapport från de osaligas ängder, som kom postumt.

Cornelis Vreeswijk døydde av leverkreft på Sødersjukehuset i Stockholm . Han vart gravlagd på Katarina kyrkogård, ved sida av grava til 1600-talspoeten Lars Wivallius.

Cornelis som person endre

 
Portrett av Cornelis Vreeswijk måla av den svenske kunstnaren Tommy Tallstig

Cornelis første kone, Ingalill Rehnberg, har fortalt om Cornelis som ein sårbar mann med dårleg sjølvbilete. Oppstod det konfliktar, reagerte han med å sky unna – eller med raseriutbrot.

Den andre kona hans, Bim Warne, har omtalt han som overmåte gåvmild. Dei busette seg i ein villa nær Klågerup i Skåne, og der fann han seg først godt til rette. Men han sakna etter kvart impulsar til kunstnarisk utvikling. Både Ingalill og Bim har fortalt at Cornelis hadde ein svartsjuke som kunne ta psykopatiske uttrykk. Han kunne bli rasande om han meinte nokon viste interesse for kona hans.

Økonomiske problem endre

Cornelis hadde ikkje styring på økonomien, det verka som han ikkje hadde grep om pengeverdi. Reknskapsføring blåste han i. Men han delte gjerne ut gåver til vener og kjente. Hausten 1969 var skattegjelda hans oppe i 125 000 kroner, og han vart truga med konkurs. Han gjekk med på ein nedbetalingsplan, likevel steig gjelda til 425 000 kroner i 1972.

Framfor valet i 1982 deltok han på valmøte for socialdemokratarna. Honoraret på 190 000 kronor gjekk til skattefuten. Då gjekk Cornelis til svoltestreik. Dagen etter fekk statsminister Olof Palme til ein avtale med futen. Cornelis, som no skulda halvannan million kroner, lova å betale 10 000 kroner i månaden. Denne lovnaden stod han ved berre nokre månader, sidan han meinte skjønslikninga var alt for høg. Hausten 1983 flytta han til København, han meinte han hadde yrkesforbod i Sverige. Året etter reduserte inntekstsanlaget, og Cornelius kunne på nytt reise på turné i Sverige.

Då han døydde i 1987 hadde han enno 700 000 kroner i skuld. Ikkje før i 1990 var alt gjort opp.

Cornelis i fengsel endre

Cornelis var fleire gonger idømd fengselsstraff.

  • I mai 1967 vart han dømd til fengsel i to månader for fyllekøyring. Under opphaldet på Bogesunds fångvårdsanstalt rømte han ein gong.
  • I mai 1975 vart han dømd til fengsel i ein månad for vald og truslar. Han hadde meinte han hadde sjekka opp to jenter, men då han fekk dei på rommet sitt, viste det seg at dei var transvestittar. Cornelis jaga dei ut med kniv, og den eine fekk eit lett sår. Opptrinnet har han skildra i songen Ballad om hurusom Don Quijote gick på en blåsning
  • I november 1975 vart han dømd til fengsel i to månader etter å ha slåst med forfattaren Arvid Rundberg på ei kro.
  • I desember 1985 vart han dømd til tvungen medisinsk behandling etter fyllekøyring.

Cornelis som plateartist endre

Det var Fred Åkerström som tok Cornelis med til plateselskapet Metronome, fordi Fred ville synge nokre songar av Cornelis Vreeswijk. Dei ville gi ut songane, men dei meinte at Cornelis skulle synge dei sjølv.

Sambaplata Tio vackra visor och Personliga Person står for mange som høgdepunktet i karrieren hans.

Cornelis braut med Metronome i 1971, sidan han mislikte at dei trekte forskotsskatt av før dei gav han oppgjer. Han meinte selskapet lurte han for pengar. Han bad eit forskott på 50 000 kroner som han trong til eit huskjøp, men dei avslo. Då gjekk han heller til Philips. Dei kunne også lansere han i Nederland, og han omsette nokre tekstar til nederlandsk. Frå 1977 til 1987 gav han ut 17 plater på 14 forskjellige plateselskap i 5 land. Han gav helst ut på små selskap som gav kontant og rask betaling.

Karriere i Nederland endre

1972 kom det første nederlandske albumet hans, Cornelis Vreeswijk, som vart ein stor suksess og selde 100 000 eksemplar. Sommaren 1972 hamna han på topplista då reklameradiokanalen Veronica byrja spele Vreeswijk-låten Veronica.

Den neste plata, Leven en laten leven, vart ein nedtur, og den tredje, Liedjes voor de Pijpendraaier en mijn Zoetelief, gav ikkje nokon framgang. Den nederlandske produksjonen hans ber preg av at den største inspirasjonen var mangelen på pengar.

Først med albumet Ballades van de gewapende bedelaar som kom i 1982 kom eit nytt gjennombrot. Plata har varierande kvalitet, best er han i omsetjingane av Bellman og i Dan Anderssons En spelmans jordafärd.

Musikk og dikting endre

Cornelis er sterkt inspirert av fransk chanson, amerikansk blues og nederlandske lyarsongar, lange viser framførte i ein folkeleg tradisjon med forteljande tekst. Han var inspirert musikalsk av som folk som Josh White, Leadbelly og Georges Brassens. Desse utanlandske førebileta smelta i Vreeswijk saman med svensk visetradisjon og litterære impulsar frå forfattarar som Gunnar Ekelöf og Aksel Sandemose . Sidan fekk han viktige impulsar frå latinamerikansk samba. For den breie publikum vart han mest kjend for songar som «I natt jag drömde något som» og «Brev från kolonien», tolkingar av amerikanske songar som han sjølv vart dyktig lei.

Typisk for viseproduksjonen til Vreeswijk er dei tilbakevendande rollefigurane – Ann-Katrin/Ann-Katarin, Fredrik Åkare, Polaren Pär med fleire – mange av dei sterkt inspirert av litterære og levande personar. Tekstene er prega av pasifisme og ei medkjensle med sosialt mistilpassa personar. Språket blandar slang og formelle frasar.

Cornelis Vreeswijk levde opp til myten om kunstnaren som brenn lyset sitt i begge endane. Privatlivet vart prega av økonomiske problem, slagsmål og medikamentmisbruk. Cornelis vart i Sverige ein svært folkekjær visesongar, og er ofte nemnd i same andedraget som Bellmann og Taube. Han er av mange rekna blant nasjonalskaldane, sjølv om han aldri vart svensk statsborgar.

Etter at han døydde, er inntektene hans samla i eit fond, forvalta av stiftinga Cornelis Vreeswijks minne, som kvart år delar ut Cornelis Vreeswijk-stipendet. I 2000 kom alle tekstane hans ut i verket Skrifter I–III. I Psalmer i 2000-talet, det siste offisielle tillegget til salmeboka for den svenske kyrkja, er han representert med teksten «Vägen till regnbågen» («Jag har rest genom världen och ej haft ett mål»).

Den 12. november 2010 var det premiere på filmen Cornelis med Hans-Erik Dyvik Husby i hovudrolla.

Diskografi endre

Ja, kärleken är som ett tomtebloss,
som ett tomtebloss lättantändlig.
Den brinner röd när den drabbar oss.
Min själ, jag är som ett tomtebloss
och ingen glöd är oändlig.

Frå Tomtebloss, på «Tio vackra visor och Personliga Person» (1968)

Album utgjevne i Sverige endre

  • 1964 – Ballader och oförskämdheter
  • 1965 – Visor och oförskämdheter
  • 1965 – Ballader och grimascher
  • 1966 – Grimascher och telegram
  • 1968 – Tio vackra visor och Personliga Person
  • 1969 – Cornelis sjunger Taube
  • 1970 – Poem, ballader och lite blues
  • 1970 – Östen, Ernst-Hugo & Cornelis på börsen
  • 1971 – Spring mot Ulla, spring! Cornelis sjunger Bellman
  • 1972 – Cornelis Live
  • 1972 – Visor, svarta och röda, Cornelis Vreeswijk sjunger Lars Forssell
  • 1973 – I stället för vykort
  • 1974 – Linnéas fina visor
  • 1974 – Getinghonung
  • 1976 – Narrgnistor och transkriptioner
  • 1977 – Movitz! Movitz!
  • 1978 – Cornelis sjunger Victor Jara
  • 1978 – Narrgnistor 2, En halv böj blues och andra ballader
  • 1978 – Felicias svenska suite
  • 1979 – Vildhallon
  • 1979 – Cornelis Live Montmartre/Köpenhamn
  • 1979 – Jazz Incorporated
  • 1980 – Turistens klagan
  • 1980 – En spjutkastares visor
  • 1980 – Bananer – bland annat...
  • 1981 – Cornelis sjunger Povel
  • 1981 – Hommager & pamfletter
  • 1985 – Cornelis bästa
  • 1985 – Mannen som älskade träd
  • 1986 – I elfte timmen

Posthum utgjevne endre

Vår tid är slut, och denna kväll den sista.
Du hade inget val. Så du valde detta trista.
Och min själ fick svarta slöjor
och din själ fick vassa kanter.
När vi åter träffades blev det vissa varianter.
Paranoia, visst!
Amfetamin.
Sen sågs vi aldrig mera, Ann-Katrin!
Ann-Katrin. farväl!

Frå Ann-Katrin, farväl! på «Till Fatumeh – Rapport från de osaligas ängder....» (1987)
  • 1987 – Till Fatumeh – Rapport från de osaligas ängder....
  • 1990 – Cornelis sjunger Bellman och Forssell
  • 1993 – Mäster Cees memoarer vol. 1–5
  • 1995 – Cornelis på Mosebacke
  • 1996 – Guldkorn från Mäster Cees memoarer
  • 1998 – Gömda guldkorn
  • 2000 – Till sist
  • 2000 – Bellman, Taube och lite galet
  • 2000 – En fattig trubadur
  • 2002 – Black girl
  • 2003 – Bästa
  • 2004 – Cornelis i Saltis
  • 2007 – CV Det Bästa Med Cornelis Vreeswijk

Album utgjevne i Nederland endre

  • 1972 – Cornelis Vreeswijk
  • 1973 – Leven en laten leven
  • 1974 – Liedjes voor de Pijpendraaier en mijn Zoetelief
  • 1976 – Foto's en een souvenir: Vreeswijk zingt Croce
  • 1977 – Het recht om in vrede te leven
  • 1978 – Het beste van Cornelis Vreeswijk
  • 1982 – Ballades van de gewapende bedelaar
  • 1998 – Veronica
  • 2002-Een Hommage

Bibliografi endre

  • Vreeswijk, Cornelis: En handfull gräs., Norstedt, Stockholm 1970 (svenska). Libris 1238752.
  • Vreeswijk, Cornelis: I stället för vykort., Norstedt, Stockholm 1974 (svenska). ISBN 91-1-731331-7. Libris 7151794.
  • Vreeswijk, Cornelis; Anderson Rune Johan: Felicias svenska suite, Aschehoug, Oslo 1978 (svenska). ISBN 82-03-09752-9. Libris 7171658.
  • Vreeswijk, Cornelis: Till Fatumeh visor: sjungna och osjungna, Bromberg, Stockholm 1987 (svenska). ISBN 91-7608-384-5 (inb.). Libris 7652472.
  • Vreeswijk, Cornelis; Vold Jan Erik: Sånger, Bromberg, Stockholm 1988 (svenska). ISBN 91-7608-399-3 (inb.). Libris 757628.
  • Vreeswijk, Cornelis; Vold Jan Erik: Dikter, Bromberg, Stockholm 1989 (svenska). ISBN 91-7608-439-6 (inb.). Libris 7652514.
  • Vreeswijk, Cornelis: Osjungna sånger, [Bromberg], [Stockholm] 1990 (svenska). ISBN 91-7608-488-4 (inb.). Libris 7652546.
  • Vreeswijk, Cornelis; Vold Jan Erik: Skrifter, Ordfront, Stockholm 2000 (svenska). ISBN 91-7324-710-3. Libris 7634579.
  • Vreeswijk, Cornelis; Vold Jan Erik: Skrifter. 1, Samlade sånger, Ordfront, Stockholm 2000 (svenska). ISBN 91-7324-769-3 (inb.). Libris 7634580.
  • Vreeswijk, Cornelis; Vold Jan Erik: Skrifter. 2, Enskilda sånger, Ordfront, Stockholm 2000 (svenska). ISBN 91-7324-770-7 (inb.). Libris 7634581.
  • Vreeswijk, Cornelis; Vold Jan Erik: Skrifter. 3, Dikter, prosa, tolkningar, Ordfront, Stockholm 2000 (svenska). ISBN 91-7324-771-5 (inb.). Libris 7634582

Filmografi endre

  • 1965 – Salta gubbar och sextanter (frå 1966: Hej du glada sommar!, songar på nattklubb)
  • 1966 – Makt och jämlikhet (kampanjefilm for SSU, syng Cylinderhatten)
  • 1967 – Drra på – kul grej på väg till Götet (kinomaskinist)
  • 1968 – Svarta palmkronor (sjømannen Kokken)
  • 1970 – Kyrkoherden (trubaduren)
  • 1971 – Niklas och Figuren (kaptein på skipet Magnolia)
  • 1974 – Rännstensungar (kunstnaren Johan Fahlén)
  • 1982 – Ingenjör Andrées luftfärd (redaktør Lundström)
  • 1984 – Den oändliga historien (røysta til Falkor)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre