Corrine, Corrina
«Corrine, Corrina» er ein 12-taktsblues på AAB-format. Han vart først spelt inn av Bo Chatmon and the Mississippi Sheiks (Brunswick 7080, desember 1928).[1] Men opphavretten til songen fekk Chatmon og utgjevarane hans først i 1932. Songen er kjend for opningsverset:
- Corrine, Corrina, where you been so long?
- Corrine, Corrina, where you been so long?
- I ain't had no lovin', since you've been gone.
The Mississippi Sheiks, som Jackson Blue Boys med Charlie McCoy på vokal, spelte songen inn same dag i eit anna studio, men denne gongen som «Sweet Alberta» (Columbia 14397-D), der orda Sweet Alberta var bytta ut med Corrine, Corrina.[2]
«Corrine, Corrina» har vorte ein standardsong i fleire musikksjangrar, inkludert blues, rock and roll, cajunmusikk og western swing.
Tittelen på songen varierer frå innspeling til innspeling, og ein vanleg variant er «Corrina, Corrina».
Bakgrunn
endre«Corrine, Corrina» kan ha tradisjonelle røter, men tidlegare utgåver av songen er forskjellige både musikalsk og tekstmessig. Ein av dei første utgåvene av han vart gjeve ut på noteark som «Has Anybody Seen My Corrine?» av Roger Graham i 1918. Vernon Dalhart spelte inn ein vokalversjon av denne utgåva i same året.[3] Det same gjorde Wilbur Sweatman's Original Jazz Band, men som ein instrumental. Teksten på denne utgåva går:
- Has anybody seen my Corrine?
- No matter where Corrina may be,
- Tell my Corrina to come right back to me,
- I want some lovin' sweetie dear.
Blind Lemon Jefferson spelte inn ein versjon av «C.C. Rider» i april 1926 kalla «Corrina Blues», som inneheld eit liknande vers:
- If you see Corrina, tell her to hurry home
- I ain't had no true love since Corrina been gone
- I ain't had no true love since Corrina been gone
- I ain't had no true love since Corrina been gone
Western Swing-standard
endreFør den andre verdskrigen omgjorde Bob Wills «Corrine, Corrina» til ein danselåt i western swing-stil. Etter innspelinga hans med Texas Playboys 15. april 1940 vart songen ein del av standardrepertoaret til alle western swing-band, noko som førte til at fleire cajunband omforma songen og seinare fleire countryartistar.[4]
Sjølv om Wills sin versjon gjorde songen til ein standard, hadde tidlegare swing-grupper alt spelt «Corrine, Corrina», som Milton Brown and his Musical Brownies i 1934. Deira versjon heitte «Where You Been So Long, Corrine?».[5]
«Corrine, Corrina» er òg ein viktig song fordi det var første gong ein elektrisk gitar vart nytta på ei innspeling. Dette skjedde 28. september 1935 av Roy Newman and His Boys[6] spelt av gitaristen deira, Jim Boyd[7]
Nokre artistar som har spelt «Corrine, Corrina»
endre- Chet Atkins
- Brooks & Dunn
- The Carter Sisters
- Bo Carter
- Mississippi Sheiks - som «Sweet Maggie».
- Charlie McCoy - som «Sweet Alberta»
- Eric Clapton - som «Alberta Alberta»
- Bob Dylan - på albumet The Freewheelin' Bob Dylan
- Grateful Dead
- Bill Haley & His Comets
- Mississippi John Hurt
- Jimmy Witherspoon
- Leo Kottke
- Jerry Lee Lewis
- Taj Mahal
- Moon Mullican
- Bill Monroe
- Mance Lipscomb
- Merrill Moore
- Ray Peterson (den største hitten, nådde 9. plass i 1961)
- Steppenwolf
- Big Joe Turner
- Muddy Waters
- Doc Watson
- Lawrence Welk
- Bob Wills
- The Rolling Stones
- Big Joe Turner
- Led Zeppelin - versjonen deira av «You Shook Me» inneheld «I have a bird that whistles, I have a bird that sings»-verset frå «Corrina, Corrina».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Corrine, Corrina» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Cheseborough, "Carter, Bo", s. 186: "Carter's [Bo Carter and the Mississippi Sheiks].
- ↑ Dixon, Blues & Gospel Records, s. 355.
- ↑ Seubert, «Has Anybody Seen My Corrine».
- ↑ Clayton, The Roots of Texas Music, s. 23
- ↑ Ginell, Milton Brown and the Founding of Western Swing, s. 107
- ↑ Govenar, Deep Ellum and Central Track, s. 243
- ↑ Dempsey, The Light Crust Doughboys Are on the Air, s.120
Bakgrunnsstoff
endre- «Corrine, Corrina», Bo Carter (Brunswick 7080, 1928)—Internet Archive.
- «Corrine, Corrina» Arkivert 2008-09-22 ved Wayback Machine. - liste av over 160 innspelingar av songen.
- «Has anybody seen my Corinne?» , Ernest Hare (Emerson 7459, 1918)—Library of Congress Performing Arts Encyclopedia.