Cosenza

kommune i Italia

Cosenza er ein by sør i Italia. Han er hovudstad i provinsen Cosenza i regionen Calabria og har om lag 70 000 innbyggjarar, men storbyområdet har nærare 200 000 innbyggjarar.

Cosenza
Horisonten til Cosenza
Horisonten til Cosenza
Plassering
Cosenza is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Calabria
Cosenza
Borgarmeister Salvatore Perugini
Geografi
Flatevidd
 - By

37 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

71 680
  1 940/km²
Koordinatar 39°18′N 16°15′E / 39.300°N 16.250°E / 39.300; 16.250
Høgd over havet 238 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 87100
Telefon-retningsnummer 0984
Nettstad: www.comune.cosenza.it

På grunn av den kulturelle historia til byen vart han ein gong kalla Calabria sitt svar på Aten. Accademia Cosentina var til dømes eit av dei aller første akademia som vart grunnlagd i Italia (1511). I dag er framleis Cosenza eit viktig kultursenter med mange museum, teater, bibliotek og Universitetet Calabria.

Cosenza ligg 238 meter over havet i dalen mellom Silafjella og kystfjella. Gamlebyen, der borga litt på det øvste punktet, ligg ned mot elva Crathis, medan den moderne byen ligg nord for elva.

Historie endre

Opphav endre

Cosenza var hovudstaden til bruttiane, ei italisk stamme, og var ein skanse for det italiske folket mot den hellenistiske påverknaden til jonarane. Under keisar Augustus vart byen ein viktig stoppestad langs romarvegen via Popilia, som knytte Calabria til Sicilia. Sjølv om byen var ein koloni i Romarriket fekk han kommuneprivilegium.

Segna om kong Alarik endre

I 410 erobra Alarik, kongen over vestgotarane, byen Roma og vart den første utanlandske fienden som tok byen på over 800 år. Då han forlet Roma hadde Alarik samla saman stor rikdomar frå byen. I følgje segna reiste Alarik sørover med troppane sine. Då dei nådde området rundt Cosenza døydde han. Ingen veit heilt korleis dette skjedde. Enkelte meiner han fekk ein sjukdom som tok livet av han, medan andre meiner at fiendar gjekk til åtak på han. Uansett æra troppane hans med å gravlegge han i ei grav, men det var langt frå ei vanleg grav. Gravstaden skal visstnok ha vore der elvane Busento og Crathis renn saman. Ein horde av slavar vart nytta til å leie om vatnet frå Busento slik at dei kunne grave ei grav som var stor nok for Alarik, hesten hans og skattane han tok med seg. Då grava var ferdig vart elva ført tilbake til den opphavlege leia og grava dekt av vatn. For å sikre at ingen skulle sei kor grava låg skal troppane til Alarik ha tatt livet av alle slavane.

 
Gamlebyen og åsane rundt byen

Normannarar, Hohenstaufen og Angevin-perioden endre

Under krigar mellom sarasenarar og langobardar vart byen øydelagd og så bygd opp at rundt 988, før han vart øydelagd igjen tidleg på 1000-talet. I eit forsøk på å rømme frå all øydelegginga flytta innbyggjarane frå byen og slo seg ned i åsane omkring der dei bygde små grender.

Seinare på 1000-talet vart Calabria eit føydalt hertugdøme under normannarane med Cosenza som hovudstad. Byen gjorde snart opprør mot styret til Roger Guiscard og vart først gjenerobra etter ei lang omleiring. Erkebispedømet i byen, frå 500-talet, er eit av dei eldste og viktigaste i regionen og tel meir enn 130 sokn. Under Hohenstaufen-styret vart byen derfor setet for Curia Generale. Keisar Fredrik II var spesielt interessert i byen og bygde fleire bygg og hjelpte til økonomisk, som å opprette eit viktig årleg marked.

Domkyrkja vart ombygd og innvia i 1222, og i 1242 vart Fredrik sin son Henrik gravlagd der. Seinare kjempa Cosenza bittert mot Angevin, som var støtta av prestestanden. Opprøret spreidde seg gjennom dalen til elva Crathis og byen vart ein kasteball mellom Angevin og Aragon. I 1432 slo Ludvig III av Anjou seg ned i borga med kona Margaret av Savoie. Då ho brått døydde, i 1434, vart ho gravlagd i domkyrkja.

Spansk dominans endre

I 1500 vart Cosenza okkupert av den spanske hæren leia av kaptein Consalvo de Cordoba, trass i motstand. Det var på 1500-talet at byen vart utvida og vart setet for statthaldaren i Calabria. Samstundes vart han kulturelt viktigare då Accademia Cosentina vart oppretta, der mellom anna Bernardino Telesio, Aulo Gianni Parrasio, Martiranobrørne og Antonio Serra gjekk. I 1707 avløyste austerrikarane spanjolane og i 1799 utropte byen seg til sjølvstendig republikk, men dette vart berre kortvarig og byen vart til slutt okkupert av kardinal Ruffo sin Lazzari. Kardinal Ruffo var fødd i provinsen Cosenza.

Det moderne Cosenza endre

Frå 1806 til 1815 kjempa Cosenza mot fransk dominans, og i 1813 vart mange opprørarar i byen, som var fødestad for den hemmelege foreininga Carbonari, avretta. Dei lokale opprøra i 1821 og 1837 viste fram mot Risorgimento. Dei vart følgde av opprør 15. mars 1844, der Bandierabrørne vart avretta i lag med nokre av tilhengjarane deira i Vallone di Rovito i Cosenza. I 1860, nokre månadar etter den kjappe og heroiske gjerningane til Garibaldi sine troppar vart det utført ei folkeavstemming der resultatet vart at Calabria vart ein del av det nye Kongedømet Italia.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre