County Fermanagh (irsk Contae Fhear Manach) er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster.

County Fermanagh
Contae Fhear Manach
Våpen
Del av Storbritannia
Hovudstad Enniskillen
Areal 1 691 km²
Folketal 57 527 (est.)
Folketettleik 34 / km²
Provins Ulster

County Fermanagh
54°21′ N 7°38′ W
NorthernIrelandFermanagh.png
Wikimedia Commons: County Fermanagh

County Fermanagh grensar til Tyrone i nordaust. Av grevskap i Republikken Irland grenser Fermanagh til Donegal i nord, Leitrim i vest, Cavan i sør og Monaghan i aust.

Etter omleggingA av lokalstyret i Nord-Irland vart distriktet Fermanagh oppretta. Dette omfattar heile det gamle grevskapet, samt delar av det gamle Tyrone.

Grevskapet utgjer den vestlegaste delen av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.

Landskapet i Fermanagh er dominert av dei to innsjøane Øvre og Nedre Lough Erne. Det høgaste punktet i Fermanagh er Cuilcagh på grensa til Cavan, 665 moh..

Dei viktigaste næringsvegane er landbruk og turisme. Området er eit populært feriemål, spesielt for båtferie på Lough Erne og kanalen mellom innsjøane og elva Shannon.

Den viktigaste byen er Enniskillen, som tidlegare var administrasjonssby i grevskapet. Andre byer er Irvinestown og Lisnaskea.

KjelderEndra