County Roscommon (irsk Contae Ros Comáin) er eit grevskap i Republikken Irland sentralt på Irland i provinsen Connacht. Det er det einaste grevskapet i Connacht som ikkje har kystlinje.

County Roscommon
Contae Ros Comáin
Våpen
Land  Irland
Del av Irland
Hovudstad Roscommon
Areal 2 547 km²
Folketal 58 700  (2006)
Folketettleik 23 / km²
Provins Connacht
Bilnummer RN
Kart
County Roscommon
53°45′N 8°15′W / 53.75°N 8.25°W / 53.75; -8.25
Wikimedia Commons: County Roscommon
Nettstad: www.roscommoncoco.ie

Roscommon er òg namnet på administrasjonsbyen. Athlone, ved Shannonelva, ligg delvis i Roscommon og delvis i County Westmeath (i naboprovinsen Leinster), og vert rekna som den mest sentraltliggande byen på Irland. Tulsk er den næraste landsbyen til den mytologiske staden Rath Cruachán, heimstad til dronning Medb (Maebh, Maeve) og Morrigan, som var utgangspunktet for den episke soga i irsk litteratur, Táin Bó Cúailgne.

County Roscommon grensar til Sligo og Leitrim i nord, Mayo og Galway i vest, Offaly i sør og Westmeath og Longford i aust.

Byar og landsbyar

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre