County Wexford (irsk Contae Loch Garman) er eit grevskap i Republikken Irland søraust på Irland i provinsen Leinster. Administrasjonsbyen er Wexford. Namnet på byen, og dermed grevskapet, kjem frå norrøne namnet Waesfjord, fjorden ved mudderslettene.

County Wexford
Contae Loch Garman
Land  Irland
Del av Irland
Hovudstad Wexford
Areal 2 352 km²
Folketal 131 749  (2006)
Folketettleik 56 / km²
Provins Leinster
Bilnummer WX
Kart
County Wexford
52°30′0″ N 6°40′0″ W
Wikimedia Commons: County Wexford
Nettstad: www.wexford.ie

Eit fylke, Wexford County, i den amerikanske delstaten Michigan er kalla opp etter det irske grevskapet.

County Wexford grensar til Wicklow og Carlow i nord, Kilkenny og Waterford i vest, Det keltiske havet i sør og Irskesjøen i aust.

Historie endre

I 1169 invaderte anglo-normannarane Wexford etter oppfordring frå kongen av Leinster, Diarmuid MacMurrough Kavanagh. Dette var det første skrittet mot den engelske koloniseringa av øya. Under det irske opprøret i 1798 stod nokre av dei hardaste kampane i Wexford, spesielt slaget ved Enniscorthy og slaget ved Boolavogue.

Det var i 1970-åra planar om å byggje eit atomkraftverk ved Carnsore Point. Dette vart skrinlagt, og det står no eit vindkraftverk med 14 vindmøller der.

Byar og landsbyar i Wexford endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre