Cowboy Song av Thin Lizzy

Cowboy Song
Singel av Thin Lizzy
frå albumet Jailbreak
B-side

Angel from the Coast

Utgjeve September 1976[1]
Sjanger
Lengd 3:17 (singel)
5:16 (album)
Selskap Mercury
Låtskrivar(ar) Phil Lynott og Brian Downey
Produsent John Alcock
Thin Lizzy-kronologi 
«Jailbreak»
(1976)
Cowboy Song «Rocky»
(1976)


«Cowboy Song» er ein song av det irske hardrockband Thin Lizzy som opphavleg kom ut i 1976 på albumet deira Jailbreak.

Han vart gitt ut som singel i ein redigert versjon og nådde 77. plassen på dei amerikanske hitlistene, men fekk på den tida ikkje like mykje merksemd som to av dei mest populære songane på same album, «The Boys Are Back in Town» og «Jailbreak». Songen vart skriven av frontmannen Phil Lynott og trommeslagaren Brian Downey.

Teksten er skriven frå perspektivet til ein cowboy, og fortel om vandringa hans gjennom USA gjennom ulike eventyr og romansar. Songen byrjar med ei mjuk akustisk innleiing i country-stil før han går over i livleg hardrock.

«Cowboy Song» har sidan vorte skildra som ein av dei beste songane til Thin Lizzy fordi han har «ein av dei mest fengjande, mest minneverdige tvilling-gitarharmoniane nokon sinne».[3] AllMusic skildra songen som å gjera det vanlege til legende, eller å føra myten inn i den moderne verda.[4] Forfattaren av Phil Lynott: The Rocker, Mark Putterford, skildra songen som «ei blanding mellom Clint Eastwood og Rudolph Valentino, med litt George Best kasta inn for å vere på den sikre sida».[5] Rolling Stone-magasinet kalla songen «definitiv».[6]

Med tida har han vorte ein fanfavoritt og ein av signatursongane til Thin Lizzy.[2] Songen er no ein av deira mest populære og blir omtalt som ein klassikar.[7]

Bruk i media endre

«Cowboy Song» vart brukt i filmen Eddie the Eagle[8] då karakteren til Hugh Jackman, ein full Bronson Peary, skihoppar ned eit 90-meters hopp.[9] Songen vart òg brukt i den uavhengige filmen The Kings of Summer frå 2013 når hovudpersonen (Joe Toy) først syklar inn i skogen.[10]

Den autoriserte biografien om Phil Lynott, som kom i februar 2016, har tittelen Cowboy Song.[11]

Andre versjonar endre

  • Dump gav ut ein versjon på studioalbumet A Grown-ass Man frå 2003. CMJ New Music Report kalla songen det beste sporet på plata.[12]
  • Golden Smog gav ut ein versjon på sin fem-låtars EP On Golden Smog frå 1992.[13]
  • Million Dollar Reload gav ut ein versjon på konsertalbumet As Real As It Gets frå 2014. PlanetMosh kalla songen eit flott val av cover og ein flott måte å avslutta konserten på.[14]
  • Anthrax gav ut ein versjon på utvalde singlar frå studioalbumet Sound of White Noise frå 1993, og som bonusspor på dei japanske og australske utgivingane til albumet.[15]
  • Supersuckers syng jamleg ein versjon på konsertane sine. Dei gav òg ut ein versjon i 2008 på albumet Get It Together (DVD [live] bonusplate).[16]

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Strong, Martin Charles (1995). The Great Rock Diskografi. s. 829. ISBN 9780862415419. 
  2. 2,0 2,1 Sullivan, Denise. «Cowboy Song by Thin Lizzy - Track Info | AllMusic». allmusic (på engelsk). Henta 1. april 2023. 
  3. Mjølin, Eric (3. november 2010). The Great Songs: Thin Lizzy - The Cowboy Song. Scene-stealers.com. Henta 23. april 2023.
  4. Thomas, Stephen (2015). Thin Lizzy - Jailbreak. AllMusic, ei avdeling av All Media Network, LLC. Henta 23. april 2023.
  5. Putterford, Mark (1994; s. 114 & 115). Phil Lynott: The Rocker. Gitt ut av Castle Communications Plc, Storbritannia. OCLC 32203220. ISBN 1-898141-50-9
  6. Brackett, Nathan (2004, side 809 ). The New Rolling Stone Album Guide: Thin Lizzy. Henta 23. april 2023.
  7. Prato, Greg (2015). Thin Lizzy - One Night Only. AllMusic, ei avdeling av All Media Network, LLC. Henta 2016-01-26.
  8. Imdb.com. Eddie the Eagle Soundtrack. Henta 23. april 2023.
  9. Clarke, Donald (30. mars 2016). Eddie the Eagle review: Taron Egerton and Hugh Jackman nail the landing. Irish Times. Henta 2016-05-12.
  10. IMDb. The Kings of Summer (2013) . Henta 2016-07-18.
  11. Thomson, Graeme (2016). Cowboy Song: The Authorised Biography of Philip Lynott. Gitt ut av Hachette, Storbritannia.
  12. Maybe, Brad (14. april 2003; side 9). CMJ New Music Report. Henta 23. april 2023.
  13. Ankeny, Jason (2016). Golden Smog: On Golden Smog. AllMusic, ei avdeling av All Media Network, LLC. Henta 23. april 2023.
  14. Farrell, David (7. januar 2014). Million Dollar Reload 'As Real As It Gets'. PlanetMosh. Henta 23. april 2023.
  15. «Anthrax - Diskografi (discogs.com)». Discogs. 27. juni 2022. 
  16. Music: Supersuckers.com Arkivert 7. februar 2016 ved Wayback Machine. Henta 2016-02-07.