Cracked Actor
Song av David Bowie
frå albumet Aladdin Sane
Utgjeve 13. april 1973
Innspelt Trident Studios, London
ca. 20-24. januar 1973
Sjanger Hardrock
Glamrock
Lengd 2:56
Selskap RCA
Komponist David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Ken Scott, David Bowie

«Cracked Actor» er ein song skriven av David Bowie, opphavleg gjeven ut på albumet Aladdin Sane i april 1973. Songen vart òg gjeven ut som singel i Aust-Europa av RCA Records i juni same året.

Musikk og tekst endre

Bowie var to veker i Los Angeles i oktober 1972 og skreiv songen under dette opphaldet. Songen er ein av hardrocksongane på albumet og omhandlar ei aldrande Hollywood-stjerne i møte med ei prostituert. Refrenget inneheld forskjellige referansar til sex og narkotika:[1]

Crack, baby, crack, show me you're real
Smack, baby, smack, is that all that you feel
Suck, baby, suck, give me your head
Before you start professing that you're knocking me dead

Rolling Stone indikerte at målet til Bowie var «å strippe ned temaet om truverda si, som han hadde gjort med rockelåten, som eit steg mot ein definisjon av desse rollene og han sjølv ikledd desse rollene.»[2] NME-forfattarane Roy Carr og Charles Shaar Murray meinte at songen avslører «lite anna enn at Bowie kan spele munnspel heller dårleg.»[3]

Utgjeving og ettermæle endre

Etter at songen kom ut på Aladdin Sane, vart «Cracked Actor» den første singelen til Bowie gjeven ut for den russiske marknaden, med «John, I'm Only Dancing» som B-side. Timinga var visstnok at dei ønskte å tene pengar på publisiteten han fekk då han reiste gjennom Aust-Europa på Den transsibirske jernbanen i april–mai 1973, kort tid før den siste Ziggy Stardust-turneen i Storbritannia.[4]

«Cracked Actor» vart ein viktig del av den nordamerikanske turneen til Bowie i 1974, der han song songen ikledd solbriller og heldt ein hovudskalle i handa (à la Hamlet), som han så klinte med.[5] Songen gav òg namn til dokumentarfilmen til Alan Yentob om turneen. I 1983 henta Bowie songen og solbrille/hovudskallen fram att på Serious Moonlight-turneen.

Medverkande endre

Konsertversjonar endre

Andre utgjevinvar endre

Andre versjonar endre

  • Big Country - singel i 1993, inkludert samlinga Starman: Rare and Exclusive Versions of 18 Classic David Bowie Songs
  • Chris Connelly - Singel
  • Duff McKagan - Singel i 1993
  • Rancid Vat - Singelen «Bowiecide»
  • Zeta Bane - Spiders from Venus: Indie Women Artists and Female-Fronted Bands Cover David Bowie (2003)
  • Schlechtes Mord-Bumsen - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
  • Okkervil River - Konsert
  • Clit 45 - 2, 4, 6, 8... We're the Kids You Love to Hate (2006)
  • Dave Gahan - Framførte songen på Club Nokia den 6. mai 2011

Kjelder endre

  1. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.56
  2. Ben Gerson (19 July 1973). «Aladdin Sane». Rolling Stone (Rolling Stone). Arkivert frå originalen 14. oktober 2007. Henta 3. mai 2011. 
  3. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.54
  4. "Cracked Actor" at Teenage Wildlife, arkivert frå originalen 28. mars 2007, henta 3. mai 2011 
  5. Steve Malins (2007). "My Set Is Amazing...", MOJO 60 Years of Bowie: s.47

Bakgrunnsstoff endre