Crawfish

Crawfish
Song av Kitty White og Elvis Presley
frå albumet King Creole
Utgjeve 1958
Innspelt 15. januar 1958
Radio Recorders, West Hollywood, California
Sjanger Jazz, blues
Lengd 1:49
Låtskrivar(ar) Fred Wise, Ben Weisman
Produsent Walter Scharf

«Crawfish» er ein song skriven av Fred Wise (tekst) og Ben Weisman (musikk) og spelt inn som ein duett mellom jazzsongaren Jean «Kitty» Bilbrew (òg kjend som Kitty White) og Elvis Presley.

Det var opningssongen for Presley i filmen King Creole i 1958.[1][2][3]

Den britiske musikaren og Clash-frontmannen Joe Strummer skildra «Crawfish» på radioshowet sitt som ein av hans favorittsongar av Elvis-songar. Songen og tilrådinga hans vart nytta som filmmusikk i dokumentarfilmen Joe Strummer: The Future Is Unwritten i 2007.

InnspelingEndra

Bilbrew og Presley spelte inn songen den 15. januar 1958 som filmmusikk for filmen King Creole i Radio Recorders i West Hollywood. Produsenten var Walter Scharf og lydteknikaren Thone Nogar. Det vart spelt inn minst åtte opptak. Hovudopptaket er opptak sju.

I 1978 gav Jean Bilbrew ut ein annan alternativ miks (med nye lydspor spelte inn i 1978) i ein versjon som vart sungen heilt av ho sjølv.

Andre versjonarEndra

KjelderEndra

  1. Pitre, Glen (1993). The Crawfish Book: the story of man and mudbugs starting in 25 000 B.C. and ending with the batch just put on to boil. University Press of Mississippi. s. 91. ISBN 978-0-87805-599-9. 
  2. Caine, Andrew James (2004). Interpreting Rock Movies: The Pop Film and its Critics in Britain. Manchester University Press. s. 67. ISBN 978-0-7190-6538-5. 
  3. Matthew-Walker, Robert (1995). Heartbreak Hotel: The Life and Music of Elvis Presley. Castle Communications. s. 86. ISBN 978-1-86074-055-8.