Crazy Eyes
Studioalbum av Poco
Utgjeve 15. september 1973
Innspelt 21. til 27. mai 1973
Sjanger Countryrock
Lengd 37:49
Selskap Epic
Produsent Jack Richardson
Poco-kronologi 
A Good Feelin' to Know
(1972)
Crazy Eyes Seven
(1974)


Crazy Eyes er det femte studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet Poco, gjeve ut i 1973. Crazy Eyes var det siste albumet deira med Richie Furay i besetninga.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars [1]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[2]

Oversyn endre

Crazy Eyes vart spelt inn i RCA Victor Studio i Los Angeles frå 21. til 27. mai 1973, og var det andre av tre Poco-album produsert av Jack Richardson. Det første samarbeidet til Richardson med Poco -- A Good Feelin' to Know (1972) -- vart rekna som det mest seriøse forsøket på å slå gjennom, men selde skuffande.[3] Medan Crazy Eyes var på planleggingsstadiet hadde sjefen i Asylum Records, David Geffen, gjeve Furay eit tilbod om å bli med i bandet Souther–Hillman–Furay Band. Furay vurderte tilbodet til Geffen, men ønskte å spele inn eit siste album med Poco[3] og heldt munn om at han kom til å forlate dei før albumet var nesten ferdig.[4] Poco inkluderte songar frå Crazy Eyes-innspelinga på konsertane sine sommaren 1973, og Furay enda perioden sin i bandet med ein konsert ved Worcester Polytech (Mass) den 4. september 1973, elleve daga før utgjevinga av Crazy Eyes.[3] Furay spelte seinare i Poco i 1988-1989, og spelte inn albumet Legacy som gruppemedlem.

Tittelsporet på Crazy Eyes vart skriven av Richie Furay om Gram Parsons i 1969, då Parsons var i The Flying Burrito Brothers.[4] I følgje Furay, hadde han og Parsons «budd over gata for kvarandre i Greenwich Village i 1964.»[4] Furay sjølv gav æra for den ikoniske ni minuttar lange innspelinga av songen til «Jack Richardson og Bob Ezrin, som gjorde orkestreringa. Eg hadde berre ei lita vise og det neste som skjedde - wow, det vart ein heil produksjon som heldt seg tru til den opphavlege meininga med songen.»[5] Albumet inneheld òg Furay si utgåve av Parsons-songen «Brass Buttons», som Furay sa at Parsons opphavleg hadde lært han attende i Greenwich Village.[4] Faktisk vart songen først gjeven ut på Crazy Eyes, sidan Parsons si eiga innspeling kom ut på albumet Grievous Angel,[4] som ikkje kom ut før i januar 1974, fire månader seinare. Det var òg fire månader etter Parsons døydde, sidan han døydde berre fire dagar etter Crazy Eyes' kom ut.

Sjølv om Furay hadde vore den mest produktive låtskrivaren til Poco, var berre ein annan Furay-song, «Let's Dance Tonight», med på Crazy Eyes, kanskje fordi Furay sparte andre songar for Souther–Hillman–Furay Band,[3] eller kanskje fordi så mange andre, ikkje-utgjevne songar vart spelte inn for albumet (inkludert to andre nye Furay-songar, «Believe Me» (som seinare vart ein av dei mest kjende Furay-songane for Souther-Hillman-Furay Band) og «Nothin's Still The Same»).[1].

Den første singelen frå albumet , «Here We Go Again», kom ut i oktober 1973 og var den første Timothy B. Schmit-songen som vart gjeven ut som ei A-side for Poco. B-sida var den instrumentale Rusty Young-komposisjonen «Fools Gold». Ingen av sidene vart ein hit. Den andre singelen kom ut mars 1974 og var ein redigert versjon av Poco si utgåve av J.J. Cale-songen «Magnolia» med solovokal av Paul Cotton. Cotton var fan av Cale og debutalbuemt hans, Naturally, der songen var med på. Heller ikkje denne singelen selde særleg bra, men vart mykje spelt på konsertane til Poco frå 1976. Sjølv om ingen av singlane vart hitta, selde Crazy Eyes ganske godt og vart det høgaste plasserte studioalbumet deira på den amerikanske albumlista med ein 38. plass. Konsertalbumet Deliverin' hadde derimot nådd 26. plassen i 1972.

Mottaking endre

I meldinga si for Allmusic skreiv Bruce Eder at albumet «var det livlegaste og det mest oppkvikkande albumet deira til då, og inneheld nokre av den mest sjelfulle musikken deira. Kort sagt er det resultatet av alt dei hadde arbeidd mot i fire år... her er ikkje ein einaste svak song, eller ein einaste bortkasta note, og dei fleste band ville ha drepe for eit avslutningsspor så perfekt som 'Let's Dance Tonight».»[6]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Blue Water»Paul Cotton3:07
2.«Fools Gold»Rusty Young2:23
3.«Here We Go Again»Timothy B. Schmit3:28
4.«Brass Buttons»Gram Parsons4:17
5.«A Right Along»Cotton4:43
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Crazy Eyes»Richie Furay9:39
7.«Magnolia»J.J. Cale6:18
8.«Let’s Dance Tonight»Furay3:54

Medverkande endre

Produksjon endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Eder, Bruce. Crazy EyesAllmusic
  2. Larkin, Colin (2011). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 3074. ISBN 978-0857125958. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Furay, Richie; Roberts, Michael (2006). Pickin' Up the Pieces: the heart & soul of Country Rock pioneer Richie Furay. Colorado Springs: Waterbrook Press. s. 154–58. ISBN 978-1-57856-957-1. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Einarson, John (2007). Desperados: the roots of countryrock. NYC: Cooper Square Press. s. 258-60. ISBN 978-0-8154-1065-2. 
  5. McSpadden, J.M. III (16. september 2014). «Richie Furay: From the Inside». The Flame Still Burns. Henta 11. oktober 2020. 
  6. Eder, Bruce. «Crazy Eyes > Review». Allmusic. Henta 11. oktober 2020.