Crosby & Nash er ein duo som består av David Crosby og Graham Nash. Denne duoen hadde dei i tillegg til kvar sine solokarrierer og den større gruppa Crosby, Stills, Nash & Young. Duoen var hovudsakleg aktiv i 1970- og 2000-åra.

Crosby & Nash

Crosby og Nash syng i lag på turné i 2006 med Crosby, Stills, Nash & Young
OpphavLos Angeles
Aktiv1970–2016
SjangerRock, folkrock
Tilknytte artistarCrosby, Stills, Nash & Young, CPR, The Hollies, The Byrds
PlateselskapAtlantic, ABC, Arista, Sanctuary
Tidlegare medlemmerDavid Crosby
Graham Nash
PrisarGenesis Award

Historie endre

Etter suksessen med Déjà Vu og kvartetten vart oppløyst sommaren 1970, gav kvar av dei fire medlemmane i CSNY ut soloalbum. Crosby sitt If I Could Only Remember My Name og Nash sitt Songs for Beginners kom begge ut i 1971 og selde til gullplater i USA.[1][2] Den hausten turnerte dei to venene i lag som ein akustisk duo til god kritikk. Ein konsert frå denne turneen kom ut 27 år seinare som Another Stoney Evening. I 1972 valde dei to å spele inn eit album, som vart Graham Nash David Crosby. Dette nådde 44. plassen på Billboard 200, og synte at dei to klarte seg godt utan dei meir suksessrike Stephen Stills og Neil Young. Dei arbeidde ikkje meir i 1972 då Crosby deltok i gjenforeiningsalbumet til The Byrds. I 1973 drog begge to ut med Neil Young på turné og det som kom til å bli Young sitt Time Fades Away. Crosby samarbeidde med elektronisk musikk-pioneren og Grateful Dead-tilknytte Ned Lagin, og Nash gav ut eit andre soloalbum, Wild Tales. På denne tida song dei både i lag og kvar for seg korvokal på forskjellige album til musikarar i rockemiljøet, som Stephen Stills (1970), Young sitt Harvest (1972), Jackson Browne sitt Late for the Sky (1974) og Joni Mitchell sitt Court and Spark (1974).

 
Crosby og Nash på scenen i 1974.

I 1974 drog begge ut på turné att med Crosby, Stills, Nash & Young og dei prøvde å spele inn eit album i lag på Hawaii. Då dei ikkje klarte å fullføre eit album, fekk Crosby og Nash kontrakt med ABC Records. Truleg på grunn av kontraktsbindingar til det gamle selskapet deira vart kassettutgåva òg 8-sporslydbandutgåva av ABC-platene deira gjevne ut av Atlantic. Dei gav ut Wind on the Water (1975) og Whistling Down the Wire (1976).

Stephen Stills og Neil Young inviterte duoen med på innspelinga for albumet deira Long May You Run våren 1976, nokon som førte til ein kort CSNY-gjenforeining. Men Crosby og Nash måtte forlate innspelinga fordi dei måtte fullføre si eiga innspeling av Whistling Down the Wire. Dette fekk Stills og Young til å fjerne vokalen deira og gje ut albumet som Stills-Young Band. Crosby & Nash svor at dei aldri skulle arbeide med verken Stills eller Young igjen., men eida varte ikkje eitt år ein gong, då dei kom saman med Stills att for eit andre album av Crosby Stills & Nash i 1977. Young beheldt dei alternative opptaka og gav ut versjonen av «Long May You Run» med Crosby og Nash sin vokal i 1977 på albumet hans Decade. ABC gav ut fire album av Crosby & Nash før dei vart kjøpt av MCA i 1979.

I tillegg til dei to ovannemnde studioalbuma, kom konsertalbumet Crosby-Nash Live ut i 1977, og samlealbumet The Best of Crosby & Nash i 1978. Alle dei fire albuma vart spelt inn med bandet The Mighty Jitters, som bestod av Craig Doerge, Tim Drummond, Danny Kortchmar, Russ Kunkel og David Lindley. Studiobassisten Leland Sklar byta på å spele med Drummond på Wind on the Water, og besetninga Doerge, Kortchmar, Kunkel og Sklar hadde tidlegare spelt i lag som The Section, og akkompagnerte Crosby & Nash på det første albumet deira på Atlantic. Då CSN kom saman att i 1977 følgde Doerge gruppa til Miami for innspelinga av CSN , og bidrog på fleire songar og samarbeidde med Crosby med å skrive songen «Shadow Captain». Crosby og Doerge samarbeidde mykje i lag fram til tidleg i 1990-åra.

Etter innspelingane til CSN vart avbrotne i 1978, prøvde Crosby & Nash å spele inn eit nytt album for Capitol Records eit år seinare, men prosjektet vart prega av at Crosby vart stadig meir avhengig av kokain. Songane frå innspelinga kom omsider ut på Nash sitt Earth & Sky utan nokre songar av Crosby. Crosby sine narkotikaproblem i 1980-åra, og ei tid i fengsel, hindra han i å spele med Nash aleine, men duoen var med på albuma som CSN og CSNY gav ut det tiåret. I 1990 kom CSN-albumet Live It Up som byrja som eit album av Crosby & Nash, men Atlantic Records var motvillig til å gje ut noko som ikkje inkluderte heile trioen.

I 2004 gav Crosby & Nash ut det første originale studioalbumet sidan 1976 med det doble Crosby & NashSanctuary Records, akkompanert av dei fleste medlemmane av bandet til Crosby, CPR. Ein enkel CD-versjon kom ut i 2006 då CSNY byrja på «Freedom of Speech '06»-turneen.

Nash sa i mars 2016 at han truleg aldri kom til å arbeide med Crosby igjen på grunn av det spente forholdet dei i mellom.[3]

Anna arbeid endre

I tillegg til sine eigne album, song Crosby og Nash harmonivokal for ei rekkje andre artistar i 1970-åra. Dei song mellom anna på «Free Man in Paris» av Joni Mitchell i 1974, «Mexico» av James Taylor i 1975 og «The Pretender» av Jackson Browne i 1976. Dei song òg på album av Dave Mason, J.D. Souther, Elton John, Art Garfunkel, Gary Wright, Carole King, John Mayer og David Gilmour, så seint som på Gilmour sitt Rattle That Lock i 2015.

Diskografi endre

Studioalbum endre

Dato Tittel Billboard-lista UK Albums Chart Salstrofé i USA[4] Selskap Informasjon
5. april 1972 Graham Nash David Crosby #4 #13 Gold Atlantic Records Studio
15. september 1975 Wind on the Water #6
Gold ABC Records Studio
25. juni 1976 Whistling Down the Wire #26
Gold ABC Records Studio
10. august 2004 Crosby & Nash #142 #78 Sanctuary Records Studio

Andre utgjevingar endre

Dato Tittel Billboard-lista Selskap Informasjon
31. oktober 1977 Crosby-Nash Live #52 ABC Records Live
October 1978 The Best of Crosby & Nash #150 ABC Records Samlealbum
13. januar 1998 Another Stoney Evening Grateful Dead Records Live
15. oktober 2002 The Best of Crosby & Nash: The ABC Years MCA Records Samlealbum
18. juli 2006 Crosby & Nash: Highlights Sanctuary Records Sampler
11. oktober 2011 Crosby-Nash: In Concert Blue Castle Records Live DVD

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre