Cruel Sister
Studioalbum av Pentangle
Språk engelsk
Utgjeve 27. november 1970
Innspelt 1970
Studio Sound Techniques i London
Sjanger Folk, folkrock[1]
Lengd 36:51
Selskap Transatlantic
Produsent Bill Leader
Pentangle-kronologi 
Basket of Light
(1969)
Cruel Sister Reflection
(1971)


Cruel Sister er eit album frå 1970 av folkrockbandet Pentangle. Det var det mest folkemusikkbaserte albumet dei spelte inn og alle songane var versjonar av tradisjonelle songar. Dei tidlegare albuma deira vart produsert av Shel Talmy med ein tungt produsert og kommersiell stil, vart Cruel Sister produsert av Bill Leader, som var kjend for innspelingane sine med folkemusikarar. Albumet har ein «ikkje overlessa» stil med kvart instrument tydeleg i miksen, trass i at dei nytta mange instrument, inkludert elektriske gitarar, er det klårt og enkelt og høver godt for materialet.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars [1]
Christgau's Record GuideC+[2]

Albumet opnar med songen «A Maid That's Deep in Love», ein av fleire engelske folkeviser som fortel soga om ein ung kvinne som forkler seg sjølv som ein mann for å følgje hennar kjære til sjøs. Bert Jansch spelar appalachian dulcimer på songen i eit arrangement som minnar om ei innspeling av Tim Hart og Maddy Prior på deira Folk Songs of Old England frå 1968.

«Lord Franklin» er ein versjon av ein tradisjonell ballade, som skildrar den uheldige ekspedisjonen til John Franklin for å finne Nordvestpassasjen. John Renbourn syng solovokal og spelar akustisk gitar. Bert Jansch spelar concertina på songen.

«Cruel Sister», som er tittelsporet, er ein tradisjonell ballade som fortel soga om det valdelege forholdet mellom to systrer som kjempar om kjærleiken til ein riddar. Det har eit innfløkt vokalarrangement med McShee, Jansch, Renbourn og Cox.

Heile side to består av ein lang versjon av balladen «Jack Orion», som tidlegare vart gjeven ut på albumet med same namn av Jansch.

Innhald endre

Alle songane er tradisjonelle, arrangerte av Pentangle.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Maid That's Deep In Love»5:30
2.«When I Was In My Prime»2:57
3.«Lord Franklin»3:23
4.«Cruel Sister»7:03
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Jack Orion»18:38

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Cruel SisterAllmusic
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: P». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 1. april 2019 – via robertchristgau.com.