Crying in the Rain

Crying in the Rain
Singel av The Everly Brothers
B-side

I'm Not Angry

Utgjeve Januar 1962
Lengd 1:59
Selskap Warner Bros.
Komponist Carole King
The Everly Brothers-kronologi
«Muskrat»
(1961)
Crying in the Rain «That's Old Fashioned»
(1962)


«Crying in the Rain» er ein song komponert av Carole King med tekst av Howard Greenfield, opphavleg spelt inn av den amerikanske duoen The Everly Brothers. Singelen nådde sjetteplassen på den amerikanske Billboard Hot 100 i 1962.[1]

Songen var det einaste samarbeidet mellom låtskrivarane Greenfield og King, som begge arbeidde for Aldon Music på den tida. På eit innfall bestemte to av låtskrivarlaga hos Aldon seg for å byta partnar for ein dag – Gerry Goffin (som vanlegvis jobba med King) gjekk saman med Greenfield sin hyppige låtskrivarpartnar, Jack Keller, medan King og Greenfield gjekk saman for dagen. Trass i den kommersielle suksessen med samarbeidet, skreiv King og Greenfield aldri ein annan song saman.[2]

InnhaldEndra

Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Crying in the Rain»1:59
Side B
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
2.«I'm Not Angry»Jimmy Howard (pseudonym of the Everly Brothers)1:58

SalslisterEndra

Salslister for «Crying in the Rain»
Liste (1962–1966) Plassering
Australia[3] 7
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[4] 10
Nederland (Mega Single Top 100)[5] 9
New Zealand (Live Hit Parade)[6] 8
Noreg (VG-lista)[7] 8
UK Singles (Official Charts Company)[8] 6
US Billboard Hot 100[1] 6

Tammy Wynette-versjonenEndra

Crying in the Rain
Singel av Tammy Wynette
frå albumet You Brought Me Back
B-side

«Bring My Baby Back to Me»

Utgjeve August 1981
Innspelt Januar 1981
Studio Moman's Recording Studio,
Las Vegas
Sjanger country
Lengd 3:12
Selskap Epic
Låtskrivar(ar) Carole King, Howard Greenfield
Produsent Chips Moman
Tammy Wynette-kronologi
«Cowboys Don't Shoot Straight Like They Used To»
(1981)
Crying in the Rain «Another Chance»
(1982)


I 1981 vart «Crying in the Rain» spelt inn av den amerikanske countryartisten Tammy Wynette. Han vart ein stor hit etter han kom ut på singel det året.

Wynette-versjonen vart produsert av Chips Moman i Moman Recording Studio i Las Vegas. Innspelinga bestod òg av ni andre spor som kom ut på studioalbumet til Wynette i 1981.[9]

Songen kom ut på singel i juli 1981. Han nådde 18. plassen på Billboard Hot Country Singles-lista same året. «Crying in the Rain» vart den tredje singelen til Wynette som nådde country songs topp 20 i 1980-åra. Songen vart gjeven ut på det 22. studioalbumet til Wynette, You Brought Me Back (1981).[10] I tillegg nådde «Crying in the Rain» 11. plassen på RPM Country Tracks-lista i Canada same året.[11] Det var hennar høgaste plassering av ein solosong på RPM-lista sidan 1979.[12]

InnhaldEndra

A. «Crying in the Rain» – 3:12
B. «Bring My Baby Back to Me» – 3:25

SalslisterEndra

Salslister for «Crying in the Rain»
Liste (1981) Plassering
Canada Country Tracks (RPM)[11] 11
US Country Songs (Billboard)[14] 18

A-ha-versjonenEndra

Crying in the Rain
Singel av A-ha
frå albumet East of the Sun, West of the Moon
B-side

(Seemingly) Nonstop July

Utgjeve 1. oktober 1990
Innspelt 1989
Sjanger
Lengd 4:25
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar)
Produsent Christopher Neil
A-ha-kronologi
«There's Never a Forever Thing»
(1989)
Crying in the Rain «I Call Your Name»
(1990)


I 1989 spelte det norske bandet A-ha inn songen. Det var den første singelen frå det fjerde albumet deira, East of the Sun, West of the Moon (1990). Etter suksessen til songen vart A-ha godt kjende med The Everly Brothers, som opphavleg hadde spelt songen. Bandet fekk eit sett med gitarar av The Everly Brothers som A-ha framleis brukar i dag.[15]

«Crying in the Rain» var den siste singelen til A-ha som nådde topp 40 på Billboard-lista i USA, då han nådde 26. plassen på Hot Adult Contemporary Tracks-lista i veka som enda 6. april 1991.[16] Han var meir populær internasjonalt og toppa listene i Noreg[17] og nådde 13. plassen på UK Singles Chart.[18] Det var den 32. mest suksessrike songen i 2010 på Rumensk Top 100, sjølv om han ikkje nådde topp 20 på lista.[19]

MusikkvideoEndra

Videoen var regissert av Steve Barron. Temaet i videoen er eit ran som går gale. Det finst ein annan versjon av videoen. Den første utgåva inneheld ingen scener med Morten Harket som syng aleine. Videoen vart filma heilt med ein spesiell teknikk med mobile kamera og vart filma i Big Timber i Montana. Den Oscar-nominerte skodespelaren John Hawkes hadde ei lita rolle som ranar i videoen.[20]

InnhaldEndra

  • Britisk CD-singel
  1. «Crying in the Rain» (LP-versjon) – 4:25
  2. «(Seemingly) Nonstop July» – 2:55
  3. «Cry Wolf» (LP-versjon) – 4:05
  • Britisk 7-tommmar-singel
A. «Crying in the Rain» (LP-versjon) – 4:25
B. «(Seemingly) Nonstop July» – 2:55
  • Britisk 12-tommar-singel
A. «Crying in the Rain» (LP-versjon) – 4:25
B1. «(Seemingly) Nonstop July» – 2:55
B2. «Cry Wolf» (LP-versjon) – 4:05

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Vekeslister for «Crying in the Rain»
Liste (1990–1991) Plassering
Australia (ARIA)[21] 131
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[22] 17
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[23] 12
Canada Top Singles (RPM)[24] 34
Europa (Eurochart Hot 100 Singles)[25] 9
Finland (Suomen virallinen lista)[26] 14
Frankrike (SNEP)[27] 11
Tyskland (Media Control AG)[28] 6
Irland (IRMA)[29] 8
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[30] 11
Nederland (Mega Single Top 100)[31] 10
Noreg (VG-lista)[17] 1
Sveits (Schweizer Hitparade)[32] 21
UK Singles (Official Charts Company)[18] 13
US Adult Contemporary (Billboard)[16] 26

ÅrslisterEndra

Årsliste for «Crying in the Rain»
Liste (1986) Plassering
Tyskland (Official German Charts)[33] 86
Nederland (Single Top 100)[34] 92

Andre versjonarEndra

«Crying in the Rain» vart spelt av mange andre artistar. I 1969 spelte The Sweet Inspirations inn ei attgjeving som nådde nummer 38 på den amerikanske R&B-lista. Det var deira andre Everly Brothers-song som vart ein hit, etter å ha gått inn på lista to år tidlegare med «Let It Be Me».

I 1972 gav Penny DeHaven i duett med Del Reeves ut ein country-versjon på ein singel (nummer 54 på Billboard country-lista).[35] I 1989 vart han spelt av Blessings in Disguise, eit band samansett av Dave Hill og Noddy Holder frå det britiske hardrockbandet Slade. Songen vart gjeven ut som singel, støtta av eit spor skrive av Dave Hill, «Wild Nites».

I 1976 gav den amerikansk-kanadiske trioen Cotton, Lloyd and Christian ut songen på ein singel (med «One More River» på B-sida). «Crying in the Rain» vart òg inkludert på det andre studioalbumet til trioen, Number Two.

Songen vart òg spelt av Crystal Gayle på albumet hennar frå 1981 Hollywood, Tennessee og av den britiske duoen Peter and Gordon. Songaren Art Garfunkel spelte songen på albumet sitt Up 'til Now (1993) i ein duett med James Taylor. I 1994 vart denne versjonen ein kanadisk pop- og AC-hit.

Han vart gjeven ut i 2010 på Micky Dolenz-albumet King For a Day.

Songen vart òg spelt av Eurovision Song Contest-vinnaren Johnny Logan. Det tyske bandet Gregorian spelte songen på albumet deira Masters of Chant Chapter VI.

Songen vart spelt av Marty Kristian frå The New Seekers i 1973.

Nick Lowe og Dave Edmunds gav ut ein versjon av songen på EP-en deira frå 1980, Nick Lowe & Dave Edmunds Sing The Everly Brothers.[36]

Carole King spelte sjølv songen ho var med og skreiv på albumet Speeding Time frå 1983 og i ei sjeldan liveframferd med gruppa The Wallflowers i ei TV-framferd.

Danzig spelte songen i 2015 på albumet Skeleton .

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 "Everly Brothers?f=379&g=Singles The Everly Brothers Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Everly Brothers. Prometheus Global Media.
  2. Emerson, Ken (2005). Always Magic in the Air: The Bomp and Brilliance of the Brill Building Era. New York: Viking. s. 111. ISBN 0-670-03456-8. 
  3. Australian Chart Book 1940-1969 p.64 David Kent
  4. "Ultratop.be – The Everly Brothers – Crying in the Rain" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  5. "Dutchcharts.nl – The Everly Brothers – Crying in the Rain" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  6. Flavour of New Zealand, 5. april 1962
  7. "Norwegiancharts.com – The Everly Brothers – Crying in the Rain". VG-lista. Hung Medien.
  8. "Chart Stats – Everly Brothers – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats.
  9. «Tammy Wynette – You Brought Me Back (1981, Vinyl)». Discogs. Henta 24. desember 2019. 
  10. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. 
  11. 11,0 11,1 "RPM Country Tracks." RPM. Library and Archives Canada.
  12. «Search results for «Tammy Wynette» under Country Singles». RPM. 17. juli 2013. Henta 8. desember 2019. 
  13. «Tammy Wynette – «Crying in the Rain» (1981, Vinyl)». Discogs. Henta 24. desember 2019. 
  14. "Wynette?f=357&g=Singles Tammy Wynette Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Tammy Wynette. Prometheus Global Media.
  15. «Phil Everly dies | a-ha live». a-ha-live.com. Henta 21. august 2019. 
  16. 16,0 16,1 "a-ha Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for a-ha. Prometheus Global Media.
  17. 17,0 17,1 "Norwegiancharts.com – a-ha – Crying in the Rain". VG-lista. Hung Medien.
  18. 18,0 18,1 "Chart Stats – a-ha – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats.
  19. «Topul celor mai difuzate piese în România în 2010». România Liberă (på rumensk). Arkivert frå originalen 3. januar 2011. Henta 25. mai 2022. 
  20. «A-ha: Crying in the Rain». IMDb. 
  21. «Response from ARIA re: chart inquiry, received 29. mai 2015». Henta 18. september 2015 – via Imgur. 
  22. "a-ha – Crying in the Rain – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  23. "Ultratop.be – a-ha – Crying in the Rain" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  24. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  25. «Eurochart Hot 100 Singles» (PDF). Music & Media 7 (44): IV. 3. november 1990. OCLC 29800226 – via World Radio History. 
  26. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på Finnish) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  27. "Lescharts.com – a-ha – Crying in the Rain" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  28. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  29. "The Irish Charts – Search Results – Crying in the Rain". Irish Singles Chart.
  30. "Nederlandse Top 40 – a-ha search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  31. "Dutchcharts.nl – a-ha – Crying in the Rain" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  32. "a-ha – Crying in the Rain – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien.
  33. «Top 100 Single-Jahrescharts – 1990» (på tysk). Offizielle Deutsche Charts. Henta 25. mai 2022. 
  34. «Jaaroverzichten – Single 1990» (på nederlandsk). Dutch Charts. Henta 25. mai 2022. 
  35. Oermann, Robert K. (25. februar 2014). «[Updated] Lifenotes: Penny DeHaven Passes». MusicRow. Henta 25. februar 2014. 
  36. «Nick Lowe and Dave Edmunds, Nick Lowe & Dave Edmunds Sing The Everly Brothers». Discogs. Henta 3. desember 2016. 

BakgrunnsstoffEndra


Føregangar
«It Must Have Been Love»
Roxette
Toppen av VG-lista
A-ha

7 veker, Veke 40–46, 1990
Etterfylgjar
«Show Me Heaven»
Maria McKee