Cubansk musikk omfattar musikk og musikkstilar som har oppstått på Cuba. Den karibiske øystaten Cuba har utvikla ei rekkje stilartar med utspring i Vest-Afrika og Europa, særleg spansk musikk.[1] Det meste av musikken til urfolka på Cuba har derimot ikkje blitt bevart, ettersom det meste av kulturen deira blei øydelagd gjennom kolonisering.[2]

Buena Vista Social Club er ei kjend musikkgruppe frå Cuba.

Nokre afrikanske trekk ved musikken er bruk av komplisert polyrytme og utvalet av musikkinstrument. Musikken har også teke til seg europeisk påverknad, og frå 1900-talet har cubansk og afro-amerikansk musikk påverka kvarandre gjensidig.[2] Fleire cubanske musikkformer er blitt verdskjende, som mambo, salsa og chachachá. Den kubanske musikken har lenge vore svært populær i ulike delar av verda, og har hatt stor påverknad på mellom anna jazz og kongolesisk musikk.

Cubanske musikksjangrar endre

Nokre av dei tradisjonelle sjangrane på Cuba er:

Kjelder endre

  1. Orovio, H. Cuban Music from A to Z. Duke University Press Books, 2004.
  2. 2,0 2,1 Ledang, Ola Kai (11. desember 2015). «Musikk på Cuba». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  Denne musikkartikkelen som har med Cuba å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.