Opna hovudmenyen

Cupfinalen i fotball for menn 1947

Cupfinalen i fotball for menn 1947 var den 42. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball. Skeid frå Oslo vart noregsmeister etter at klubben vann 2–0 over Viking frå Stavanger. Hans Nordahl sende Skeid i leiing i det 30. minutt og Paul Sætrang la på til 2-0 i det 90. minutt.

Finalekampen vart spelt 19. oktober 1947 på Brann stadion i Bergen framfor 25 000 tilskodarar. Det er den siste cupfinalen som har vorte avvikla utanfor Oslo og Ullevaal stadion. Skeid spelte sin tredje NM-finale, Viking sin andre. Ingen av laga hadde tidlegare vunne kongepokalen. Bjarne Halvorsen frå Skiold var dommar.

Skeid sitt vinnarlag bestod av Petter Due, Sigurd Smestad, Gustav Rehn, Knut Andersen, John Bøhleng, Willy Sundblad, Henry Mathisen, Brede Borgen, Hans Nordahl, Paul Sætrang og Kjell Anker Hanssen.

Viking sitt lag bestod av Torgeir Torgersen, Karsten Johannessen, Tonning Skjæveland, Arthur Wilsgård, Thore Thu, Lauritz Abrahamsen, Inge Paulsen, Gunnar Stensland, Ragnar Paulsen, William Danielsen og Georg Monsen.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

[1]