Curiosity (tidlegare Mars Science Laboratory, forkorta MSL) er ein NASA-rover som vart skoten opp 26. november 2011.[1] Han landa ved foten av eit fjell i Gale-krateretMars 6. august 2012.[2] Roveren er tre gonger så tung og dobbelt så vid som Mars Exploration Rover-ane som landa i 2004. Roveren har med seg meir avanserte vitskaplege instrument enn det noko anna marsferd har hatt så langt. På marsoverflata vil Curiosity analysera eit dusin av prøver av marsjorda og pulver ifrå boringar i steinar. Forventa levetid til Curiosity er på eitt marsår, eller omtrent 2 jordår. Sonden vil utforska eit mykje større område enn det tidlegare marsroverar har gjort, og har som mål å undersøkja om Mars no og/eller i fortida kan ha eller har hatt føresetnader for liv.

Sjølvportrett av Curiosity inne i Gale-krateret

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre