Curtis Mayfield
Curtis Lee Mayfield (3. juni 1942–26. desember 1999) var ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, gitarist og plateprodusent, og ein av dei viktigaste musikarane bak soul og politisk afroamerikansk musikk.[1][2] Han fekk først suksess med The Impressions under borgarrettsrørsla seint i 1950- og 1960-åra, og arbeidde seinare som soloartist.
Curtis Mayfield | |||
![]() Mayfield på nederlandsk fjernsyn i 1972 | |||
Fødd | 3. juni 1942 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Chicago, Illinois i USA | ||
Død | 26. desember 1999 (57 år) | ||
Dødsstad | Roswell i Georgia i USA | ||
Fødenamn | Curtis Lee Mayfield | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1956–1999 | ||
Sjanger | |||
Instrument |
| ||
Stemmetype | kontratenor | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Verka som |
| ||
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, Grammy Legend Award, Rock and Roll Hall of Fame |
Mayfield var fødd i Chicago i Illinois og byrja musikkarrieren i eit gospelkor. Han flytta til North Side, der han møtte Jerry Butler i 1956, 14 år gammal, og vart med i vokalgruppa The Impressions. Som låtskrivar vart Mayfield kjend som ein av dei første musikarane som skreiv om samfunnssaker i soulmusikken. I 1965 skreiv han «People Get Ready» for The Impressions, som var eit døme på den meir politiske låtskrivinga hans. Songen er rangert på 24. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene,[3] og songen fekk mange andre prisar.
Etter Mayfield slutta i The Impressions i 1970 for å foksuere på solokarrieren, gav han ut fleire album, som filmmusikken til blaxploitation-filmen Super Fly i 1972. Filmmusikken var kjend for dei samfunnsmedvitne tekstane som hovudsakleg hadla om byminoritetar og kriminalitet, fattigdom og dopmisbruk. Albumet vart rangert på 72. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[4]
Mayfield vart lam frå nakken og ned etter at han fekk noko lysustyr ovr seg under ein konsert i Wingate Field i Flatbush i Brooklyn i New York den 13. august 1990. Trass i dette fortsette han karrieren som plateartist og gav ut eit siste album, New World Order i 1996. Mayfield vann ein Grammy Legend Award i 1994 og ein Grammy Lifetime Achievement Award i 1995, og vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame to gonger, som medlem av The Impressions i 1991, og igjen i 1999 som soloartist. På same vis er han innlemma to gonger i Grammy Hall of Fame. Han døydde av komplikasjonar frå diabetes i 1999, 57 år gammal.
Diskografi
endre
|
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Curtis Mayfield» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Curtis Mayfield Arkivert November 23, 2006, ved Wayback Machine. Henta 24. februar 2018.
- ↑ «Soul icon Curtis Mayfield dies», BBC News, 27. desember 1999: «Credited with introducing social comment to soul music». Accessed 24. februar 2018.
- ↑ «500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 15. juni 2018. Henta 24. februar 2018.
- ↑ «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 22. februar 2018. Henta 24. februar 2018.