Opna hovudmenyen

Cyanose (av gresk kyanos, 'blå') er ei blåfarging av lepper, hud, slimhinner eller negler. Blåfargen skuldast deoksygenert hemoglobin i blodkar nær kroppsoverflata. Ein skil mellom sentral og perifer cyanose.

Sentral cyanoseEndra

Sentral cyanose er lettast å sjå på (innsida av) leppene, og skuldast oksygenmangel i blodet. Han skuldast anten dårleg oksygenering av blodet i lungene (som ved lungesjukdom eller kveling), at blod går ut i systemkretsløpet utan å ha vore innom lungene (som ved medfødde hjartefeil) eller fordi langsam blodsirkulasjon gjev auka uttrekk av oksygen.

Perifer cyanoseEndra

Perifer cyanose (tydeleg under neglene) skuldast dårleg blodsirkulasjon, til dømes grunna kalde hender. Perifer cyanose er normalt hos spedborn, og blir då kalla akrocyanose.

KjelderEndra