Cyndi Lauper

amerikansk songar

Cynthia Ann Stephanie «Cyndi» Lauper (fødd 22. juni 1953)[1] er ein amerikansk songar, tekstforfattar, skodespelar og LHBT-aktivist.[2] Debutalbumet hennar som soloartist, She's So Unusual frå 1983 vart ein umiddelbar kommersiell suksess. Albumet var det første kvinnelege debutalbumet som gav fire singlar som nådde topp 5 på Billboard Hot 100—«Girls Just Want to Have Fun», «Time After Time», «She Bop» og «All Through the Night», noko som gav Lauper Grammyprisen for årets nykommar i 1985. Suksessen hennar heldt fram med filmmusikken til filmen The Goonies og den andre plata hennar, True Colors (1986), med hitten med same namn, og «Change of Heart», som nådde tredjeplassen og gav Lauper to nominasjonar til Grammyprisen i 1987.

Cyndi Lauper

Cyndi Lauper i Australia i 2011, under Memphis Blues Tour
Fødd22. juni 1953 (70 år)
FødestadNew York by
FødenamnCynthia Ann Stephanie Lauper
OpphavOzone Park i Queens i New York City i USA
Aktiv1980 til i dag
SjangerPop, rock, new wave, dance, blues, soul
InstrumentVokal, gitar, dulcimer
Stemmetypesopran
PlateselskapPortrait, Epic, Daylight, Downtown
Verka somSongar-låtskrivar, skodespelarinne
Gift medDavid Thornton
PrisarPrimetime Emmy Award, Grammy Award for beste nye artist, Grammy Award for Best Musical Theater Album, Primetime Emmy Award for Outstanding Guest Actress in a Comedy Series, stjerne på Hollywood Walk of Fame, VH1 Trailblazer Honors

Sidan 1989 har Lauper gjeve ut ni studioalbum og delteke i mange andre prosjekt. Det nyaste albumet hennar, Memphis Blues låg 13 veker på rad på førsteplassen på bluesalbumlista i USA. I 2011 gav Lauper ut ein bestseljande sjølvbiografi som tok for seg kampen hennar med barnemishandling og depresjon.[3]

I 2013 skreiv Lauper ferdig musikk og tekst til Broadway-musikalen Kinky Boots, som gav ho Tonyprisen 2013 for beste musikal.[4] I 2013 vart ho den første artisen på 25 år som toppa dancelista i USA med ein Broadway-singel. I 2014 fekk Lauper Grammyprisen for beste musikalalbum for Kinky Boots[5]

I løpet av karrieren har Lauper gjeve ut over 40 singlar og seld meir enn 80 millionar album verda over.[6][7] Ho vann den første «Beste kvinnelge video» under Video Music Awards i 1984[8] og er utstilt i Rock and Roll Hall of Fame Museum-utstillinga kalla Women Who Rock, som illustrerer den viktige rolla kvinner har hatt i rockehistoria.[9] Lauper har vunne prisar frå Grammy, Emmy, Tony, MTV VMA, Billboard og AMA. I 1999 rangerte VH1 Lauper på 58. plassen på lista deira over dei 100 største kvinnene i rock and roll.[10] Lauper er ein av berre tjue artistar som har fått «GET»-status ved å vinne Grammy-, Emmy- og Tonyprisar.

Lauper har blitt lovprisa for det humanitære arbeidet sitt dei siste 30 åra, særleg når deg gjeld kampen for rettar for homofile og transpersonar i USA. Arbeidet hennar vart anerkjend i 2013, då ho vart invitert som spesiell gjest ved den innsetjingssermonien til president Barack Obama.[11]

Diskografi endre

Filmar endre

Teater, fjernsyn og film
Teater
År Tittel Rolle Merknad
2000 Matters of the Heart Seg sjølv Broadwaykonsert
2006 The Threepenny Opera Jenny (Ginny Jenny/Low-Dive Jenny) Broadwaymusikal
2013 Kinky Boots Broadwaymusikal (komponist)
Fjernsyn
År Tittel Rolle Merknad
1990 Mother Goose Rock 'n' Rhyme Mary (Had a Little Lamb) Fjernsynsfilm
The Wall – Live in Berlin Young Pink Fjernsynsfilm
1993–1999 Mad About You Marianne Lugasso 4 episodar
1999 Happily Ever After: Fairy Tales for Every Child Pidge (stemme) 1 episode: «The Happy Prince»
The Simpsons Seg sjølv (stemme) 1 episode: «Wild Barts Can't Be Broken»
The Happy Prince Pidge Fjernsynsfilm
2004 Higglytown Heroes Operatørhelt (stemme) 1 episode: «Smooth Operator/Stinky Situation»
2005 That's So Raven Ms. Petuto 1 episode: «Art Breaker»
Queer as Folk Set sjølv 1 episode: «I Love You»
2007 The Backyardigans 1 episode: «International Super Spy»
2008 Kathy Griffin: My Life on the D-List Seg sjølv 1 episode: «Fly the Super Gay Skies»
Gossip Girl Seg sjølv 1 episode: «Bonfire of the Vanity»
2009 30 Rock

Seg sjølv

1 episode: «Kidney Now!»
The Apprentice: The Celebrity Apprentice 3 Seg sjølv/Deltakar Sesong 3
2009

2012 2013

Bones Avalon Harmonia «Harbingers in a Fountain» (2009)

«The Ghost in the Machine» (2012) «The Woman in White» (2013)

2012 Bob's Burgers Stemme 1 episode: «The Belchies»
Happily Divorced Kiki 1 episode: «Follow the Leader»
2013 Cyndi Lauper: Still So Unusual Seg sjølv 12 episodar (produsent)
2014 Front and Center Seg sjølv 1 episode
Film
År Tittel Rolle Merknad
1984 Prime Cuts Seg sjølv Cameo
1985 Girls Just Want to Have Fun Woman in Diner Ikkje oppført
1988 Vibes Sylvia Pickel
1991 Off and Running Cyd Morse
1993 Life with Mikey Geena Briganti
1994 Mrs. Parker and the Vicious Circle Piknikkgjest Ikkje oppført
1996 Sesame Street Elmocize Twyla Cameo
2000 The Opportunists Sally Mahon
Christmas Dream Cameo
2005 The Naked Brothers Band: The Movie Seg sjølv Cameo
2009 Here and There Rose
2011 Dirty Movie Little Johnny's Mom
2014 Henry & Me Nurse Cyndi (stemme) Postproduksjon

Kjelder endre

  1. «Cyndi Lauper Biography (1953-)». Filmreference.com. Henta 1. september 2014. 
  2. http://www.truecolorsfund.org
  3. Cyndi Lauper Wins Tony for Best Original Score, arkivert frå originalen 13. juni 2013, henta 1. september 2014 
  4. «The Tony Award Nominees». Henta 9 June 2013. 
  5. Ward, Bruce (26. januar 2014). «Cyndi: Rockin’ red to “lift people upâ€?». Ottawacitizen.com. Arkivert frå originalen 5. juli 2014. Henta 1. september 2014. 
  6. «Cyndi Lauper Tickets – Buy Online». Ticketwarehouse.com. Arkivert frå originalen 8. desember 2011. Henta 1. september 2014. 
  7. «BBC Music Showcase». BBC.com. Henta 1. september 2014. 
  8. «Feminist History In Song: Cyndi Lauper’s ‘Girls Just Want to Have Fun’». The Sexy Feminist. 29. januar 2013. Henta 1. september 2014. 
  9. Morrison, Shelby (15. april 2013). «30 Years Later: Cyndi Lauper's «She's So Unusual» | The Rock and Roll Hall of Fame and Museum». Rockhall.com. Henta 1. september 2014. 
  10. «VH1: 100 Greatest Women of Rock & Roll». Rock On The Net. Henta 1. september 2014. 
  11. Daunt, Tina. «Cyndi Lauper, Ben Folds, Others Join Lineup for Obama's Inaugural». The Hollywood Reporter. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Cyndi Lauper