Opna hovudmenyen

Déjà Vu av Crosby, Stills, Nash & Young

1970 studioalbum av Crosby, Stills, Nash & Young
Déjà vu
Studioalbum av Crosby, Stills, Nash & Young
Utgjeve 11. mars 1970
Innspelt Juli 1969 til januar 1970
Studio Wally Heider's Studio C
San Francisco
Wally Heider's Studio III
Los Angeles
Sjanger
Lengd 36:24
Selskap Atlantic
Produsent Crosby, Stills, Nash & Young
Crosby, Stills, Nash & Young-kronologi
Crosby, Stills & Nash
(1969)
Déjà vu 4 Way Street
(1971)


Singlar frå Déjà vu
  1. «Woodstock»
    Utgjeve: Mars 1970
  2. «Teach Your Children»
    Utgjeve: Mai 1970
  3. «Our House»
    Utgjeve: September 1970
  4. «Carry On»
    Utgjeve: November 1970

Déjà Vu er det andre albumet av trioen Crosby, Stills og Nash og det første som kvartetten Crosby, Stills, Nash & Young. Det kom ut i mars 1970 på Atlantic Records og toppa den amerikanske popalbumlista i ei veke. Albumet inneheldt òg tre Topp 40-singlar: «Teach Your Children», «Our House» og «Woodstock».

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
Christgau's Record Guide(B−)[2]
Rolling StoneMiddels[3]
The Village VoiceB+[4]

Det vart gjeve ut på ny i 1977 og omslaget vart då endra frå svart til brunt. I 2012 vart albumet rangert på 147. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Det har seld til sjudobbelt platinaplate i USA og har seld litt over åtte millionar eksemplar. Det er sålangt det bestseljande albumet til kvar av bandmedlemmane.

HistoieEndra

Déjà Vu var eit etterlengta album etter suksessen til det første CSN-albumet og etter at Neil Young var komen inn i gruppa. Stills estimerer at det tok dei 800 timar i studio å spele inn albumet. Dette talet kan vere noko overdrive, men kvart spor har fleire omhyggelege detaljar.[5] Alle songane, bortsett frå «Woodstock», vart spelte inn som individuelle innspelingar av kvart medlem og dei andre medlemmene bidrog der dei vart samde om det. Young er ikkje med på alle spora, og trommeslagar Dallas Taylor og bassist Greg Reeves er oppførte på plateomslaget med namn i mindre bokstavar. Grateful Dead-gitaristen Jerry Garcia speler pedalsteelgitar på «Teach Your Children» og den tidlegare Lovin' Spoonful-frontmannen John Sebastian speler munnspel på tittelsporet.

Det vart gjevne ut fire singlar frå albumet og alle utanom den siste, «Carry On», gjekk inn på Billboard Hot 100. Songen «Country Girl» av Young er ein suite sett saman av tre songfragment kalla «Whiskey Boot Hill», «Down Down Down» og «Country Girl (I Think You're Pretty)» og er òg oppførte slik på plateomslaget. I mai 1970, to månader etter albumet kom ut, spelte bandet inn Neil Young sitt raske svar til Kent State-massakren, «Ohio». Denne singelen kom ut i lag med Stephen Still sin «Find the Cost of Freedom» og vart gjeven ut i juni same året. Singelen nådde 14. plass på singellista.

Albumet vart særs populært og medverka til at dei påfølgjande soloalbuma til kvar av dei fire medlemmene òg vart populære. David Crosby gav ut If I Could Only Remember My Name, Stephen Stills gav ut debutalbumet sitt kalla opp etter seg sjølv, Graham Nash gav ut Songs for Beginners og Neil Young kom med After the Gold Rush.

I 2003 var dette albumet rangert på 148. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[6] Same året kåra VH1 Déjà Vu til det 61. beste albumet nokon gong. På den reviderte Rolling Stone-lista frå 2012 var albumet flytta opp ein plass til 147. plassen.

Albumet kom ut på CD for andre gongen den 6. september 1994 med nymastra lyd av Joe Gastwirt. I 1997 spelte gitaristen Fareed Haque heile albumet i jazzform for Blue Note Cover Series.

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Carry On»  Stephen StillsStills 4:26
2. «Teach Your Children»  Graham NashNash 2:53
3. «Almost Cut My Hair»  David CrosbyCrosby 4:31
4. «Helpless»  Neil YoungYoung 3:33
5. «Woodstock»  Joni MitchellStills 3:54
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Déjà Vu»  David CrosbyCrosby 4:12
2. «Our House»  Graham NashNash 2:59
3. «4 + 20»  Stephen StillsStills 2:04
4. «Country Girl (Whiskey Boot Hill, Down Down Down, Country Girl (I Think You're Pretty))»  Neil YoungYoung med Crosby, Stills & Nash 5:11
5. «Everybody I Love You»  
  • Stephen Stills
  • Neil Young
Stills med Crosby & Nash 2:21

MedverkandeEndra

  • David Crosbyvokal alle spor utanom «4+20»; rytmegitar på «Almost Cut My Hair», «Woodstock», «Déjà vu», «Country Girl» og «Everybody I Love You»
  • Stephen Stills – vokal alle spor utanom «Almost Cut My Hair»; gitar alle spor utanom «Our House»; klaverinstrument på «Carry On», «Helpless», «Woodstock» og «Déjà Vu»; bass på «Carry On», «Teach Your Children» og «Déjà vu»; perkusjon på «Carry On»
  • Graham Nash – vokal alle spor utanom «Almost Cut My Hair» og «4+20»; klaverinstrument på «Almost Cut My Hair», «Woodstock», «Our House» og «Everybody I Love You»; rytmegitar på «Teach Your Children» og «Country Girl»; perkusjon på «Carry On» og «Teach Your Children»
  • Neil Young – vokal på «Helpless» og «Country Girl»; gitar på «Almost Cut My Hair», «Helpless», «Woodstock», «Country Girl» og «Everybody I Love You»; klaverinstrument, munnspel på «Country Girl»

Andre medverkandeEndra

ProduksjonEndra

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste (1970) Plassering
Australske album (ARIA)[[#cite_note-'"`UNIQ--ref-00000006-QINU`"'-8|[8]]] 1
Britiske album (OCC)[9] 5
US Billboard 200[10] 1

SinglarEndra

Billboard (USA)[11]
År Singel Liste Plassering
1970 «Our House» Pop Singles 30
1970 «Teach Your Children» Pop Singles 16
1970 «Woodstock» Pop Singles 11

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[12] Platina 300 000*
Tyskland (BVMI)[13] Gull 250 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[14] Gull 25 000x
USA (RIAA)[15] 7× Platina 7 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Eder, Bruce. «Déjà Vu». AllMusic. Henta 13. januar 2019. 
  2. Christgau, Robert. «Crosby, Stills, Nash & Young > Consumer Guide Reviews». Robert Christgau. Henta 13. januar 2019. 
  3. Winner, Langdon (30. april 1970). «Crosby, Stills, Nash and Young Deja vu > Album Review». Rolling Stone (57). Arkivert frå originalen den 2008-06-21. Henta 13. januar 2019. 
  4. Christgau, Robert (28. mai 1970). «Consumer Guide (10)». The Village Voice. Henta 13. januar 2019. 
  5. Zimmer, Dave, and Diltz, Henry. Crosby, Stills & Nash: The Authorized Biography. 1984, ISBN 0-312-17660-0, p. 115.
  6. Levy, Joe; Steven Van Zandt (2006) [2005]. «148 | Déjà vu – Crosby, Stills, Nash and Young». Rolling Stone's 500 Greatest Albums of All Time (3rd utg.). London: Turnaround. ISBN 1-932958-61-4. OCLC 70672814. Arkivert frå originalen 2007-04-28. 
  7. «Australian Chart Book». austchartbook. 13. januar 2019. Arkivert frå originalen 28. desember 2016. Henta 13. januar 2019. 
  8. [[#cite_ref-'"`UNIQ--ref-00000006-QINU`"'_8-0|↑]] "Crosby, Stills, Nash & Young – Deja vu". Australiancharts.com. Hung Medien.
  9. "19700530 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 13. januar 2019.
  10. "Crosby, Stills, Nash & Young Album & Song Chart History" Billboard 200 for Crosby, Stills, Nash & Young. Prometheus Global Media. Henta 13. januar 2019.
  11. Déjà Vu av Crosby, Stills, Nash & YoungAllmusic. Henta 13. januar 2019.
  12. «French album salstrofé – Crosby, Stills, Nash & Young – Déjà Vu» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 13. januar 2019. 
  13. «Gold-/Platin-Datenbank (Crosby, Stills, Nash & Young; 'Deja Vu')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 13. januar 2019. 
  14. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Crosby, Stills, Nash & Young; 'Déjà vu')». Hung Medien. Henta 13. januar 2019. 
  15. «American album salstrofé – Crosby, Stills, Nash & Young – Deja Vu». Recording Industry Association of America. Henta 13. januar 2019.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH