Den dømmande makta

(Omdirigert frå Dømmande makt)

Den dømmende makta er den delen av statsmakta som tek for seg tolking og bruk av lovar og reglar. Etter maktfordelingsprinsippet er den dømmande makta ei av dei tre statsmaktene.[1] Dei to andre er den lovgjevande makta og den utøvande makta. Etter maktfordelingsprinsippet er det svært viktig at den dømmande makta er uavhengig av dei andre statsmaktene, og at domstolane såleis ikkje kan instruerast av dei andre statsmaktene om korleis dei skal avgjere enkeltsaker.

Relieff frå 1940 av den personleggjorte Retten i Iran.
Relieff av Khosrau I av Persia, med tilnamnet «den rettferdige». I tidlegare tider låg den dømmande makta ofte hjå monarken.

Den dømmande makta ligg hos domstolane. Ho er gjerne bygd opp med domstolar på grunnivå, der sakene startar, og med høve til å anke avgjerdene oppover til ankedomstolar og til slutt til høgsterett, den øvste domstolen i eit land.

Prinsippet om uavhengige domstolar endre

Etter maktfordelingsprinsipppet er prinsippet om uavhengige domstolar heilt grunnleggande. Dette prinsippet kjem til dømes tydeleg til uttrykk i Den norske Grunnlova, der kapittel D heiter «Om den dømmende Magt».[2] Det opptrer òg i den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 6, der det mellom anna heiter at: «1. For å få avgjort sine borgerlige rettigheter og plikter eller en straffesiktelse mot seg, har enhver rett til en rettferdig og offentlig rettergang innen rimelig tid ved en uavhengig og upartisk domstol opprettet ved lov.»[3]

Prinsippet om ei dømmande makt, har såleis som sitt sentrale innhald, at borgarane kan bringe avgjerder frå dei andre statsmaktene inn for domstolane til prøving. Dette er eit viktig vern for borgarane mot overgrep frå den utøvande og den lovgjevande makta. Som ein konsekvens av dette er det like viktig, at avgjerdene frå den dømmande makta blir respektert, og at borgarar som får medhald hos den dømmande makta deretter får gjennomført sine krav.

Tidlegare tider endre

I mellomalderen og tidleg nytid var det i oftast ikkje eintydig kven som hadde hadde endeleg dømmande makt. I dei fleste føydale samfunn hadde godsherrane domsmakt over eigne bønder. Maktbruken kunne då bli heilt vilkårleg. Statsmakta nådde ikkje ned til innbyggjarane, men til det enkelte godset. Kvar lensherre var høgsterett for innbyggjarane på sine eigedom. Ulike typar saker hadde også ulike organ for domsmakt. Brot på kyrkjeretten blei påtalt av kyrkja, somme saker kunne takast opp på tinget, andre saker vart avgjorde av organ innan kjøpstadar og laug. Eineveldet, som utvikla seg frå 1600-talet førte til at all makt vart samla hos monarken: Lovgjevande makt, utøvande makt og dømmande makt. Slike system gav dårlege vilkår for rettstryggleik.

Maktfordelingsprinsippet endre

Montesquieu sitt maktfordelingsprinsipp, med ei uavhengig dømmande makt, fekk gjennombrot med USA si forfatning og den franske revolusjonen. I løpet av dei vel 200 åra som har gått har dette prinsippet kome på plass hos alle statar som ynskjer å vere ein rettsstat.

Domstolar ikkje det same som dømmande makt endre

At ein stat har domstolar, er ingen garanti for at staten har ei uavhengig dømmande makt. Her er svært mange eksempel på statar, der domstolane har vore ein del av maktapparatet, og der dommarane har dømt slik dei som har hatt makta har ynskt. Dette gjeld diktaturstatar som Nazi-Tyskland og det kommunistiske Sovjetunionen. På papiret kunne domstolane vere meir eller mindre uavhengige. I realiteten var dei underlagt instruks frå makthaverane. Ein dommar som ikkje dømte som makthavarne ville, vart ikkje verande dommar særleg lenge. I ein del statar rundt i verda er dette framleis slik.

Sjå også endre


Fotnotar endre

  1. Gisle, Jon (13. februar 2015). «dømmende makt». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Grunnlova kapittel D hos Lovdata
  3. EMK Artikkel 6 hos Lovdata