Dørk
I ein båt eller eit skip er dørk golvet i eit rom under dekk, dvs. opphaldsrom i det indre av skipet. Øvste golvet utandørs er skipsdekket. Dørken i ei bestemd form tyder ofte fyretasjen, dvs. fyrrommet eller kjelerommet på eit skip. «Dørk» er lånt frå det lågtyske dork. Frå dette ordet er uttrykket Gå i dørken kjent - velter grunna eit slag eller ein drink.
Opphavleg tyding: Dørken, eit rom akter under arkeliet (arsenalet) i eit krigsskip, der artillerigodset er lagra i benker.
Dørkluka er akterluka på nedre dekk som går ned til dørken.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dørken» frå Wikipedia på dansk, den 17. juli 2021. Artikkelen gav referansen:
- Georg Albrecht Koefoed Danske Søe Ord-bog anno 1783