Düssi (retoromansk Piz Git) er eit 3 256 m høgt fjell i Glarus-Alpane i Sveits. Fjelltoppen dannar ein markant pyramide. Grensa mellom kantonane Uri og Graubünden går over fjellet.

Düssi
Piz Git
fjell
Düssi frå Maderanertal
Land  Sveits
Fjellkjede Glarus-Alpane
Høgd 3 256 moh.
Primærfaktor 429 m ↓ Schärhorn
Koordinatar 46°47′30.5″N 8°49′38.8″E / 46.791806°N 8.827444°E / 46.791806; 8.827444
Førstestiging Arnold Escher von der Linth
 - dato 1841
Kart
Düssi
46°47′31″N 8°49′39″E / 46.791805555556°N 8.8274444444444°E / 46.791805555556; 8.8274444444444
Wikimedia Commons: Gross Düssi

Düssi ligg ved enden av Maderanertal, ein austgåande dal. I nord reiser Gross Schärhorn seg, mot aust fører ein fjellkam over Piz Cazarauls til Tödi. I nordvestleg retning ligg den 13 km² store isbreen Hüfibreen. Oberalpstock ris i sørvest.

Ned under nordvestegga, i 2 344 meters høgde, ligg Hüfihütte, eit vanleg utgangspunkt for ein fjelltur til Düssi.

Klatresoge endre

Toppen av Düssi vart nådd fyrste gongen i 1841 av Arnold Escher von der Linth og Gedeon Tresch. Dei klatra fjellet langs sørryggen.

Kjelder endre