DS «John Schøning»

norsk dampskip frå 1875

DS «John Schøning»
Karriere  Noreg
Namn: DS «John Schøning»
Eigar: D/S John Schønings Rederi (Arent Schønings Sønner)
Verft: Caird & Company i Greenock i Skottland
Verftsnummer: 199
Jomfrutur: Juni 1875
Heimehamn: Grøtøy/Bodø
Kjennemerke: JTGL
Lagnad: Forliste 1919
Generelle mål
Tonnasje: 658 brt, 393 nrt
Lengd: 53,0 m
Breidd: 7,6 m
Djupgang: 6,1 m
Installert effekt : 500 iHk
Framdrift: 2cyl. Comp. (Caird)
Fart: 10 knop
Karriere  Noreg
Namn: DS «John Schøning»
Eigar: Henrik Dreyer
Kjøpt: 1877
Heimehamn: Bergen
Karriere  Noreg
Namn: DS «John Schøning»
Eigar: Det Bergensk-Nordlandske Dampskibsselskab
Kjøpt: 1878
Heimehamn: Bergen
Karriere  Noreg
Namn: DS «John Schøning»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Overtatt: 1884 for 205 000 kroner[1]
Omdøypt: «Juno» i 1891
Heimehamn: Bergen

DS «John Schøning» (kallesignal JTGL) var eit dampskip bygt i 1875 som eit passasjer- og lasteskip for handelshuset Arent Schønings Sønner, organisert som D/S John Schønings Rederi ved Grøtøy i Bodø. Skipet vart bygt for fart mellom Oslo og Tromsø.

Skipet hadde sertifikat for 290 passasjerar, med lugarplass til 23 på 1. plass og 24 på 2. plass.

Historie endre

Arent Schønings Sønner hadde i 1872 fått bygt eit skip kalla «John Schøning» for farten mellom Oslo og Tromsø, men berre tre år seinare vart det avløyst av dette større skipet med same namn. Ein av eigarane, Bergiton Schøning, etablerte seg i Bergen som forretningsførar, og skipet byrja å gå frå Bergen til Lofoten og Tromsø. I 1877 stod Henrik Dreyer oppført som eigar av skipet. Samstundes gjekk to andre skip, DS «Michael Krohn» og DS «Præsident Christie», for Krohn-linjen i same rute. Då sildeboomen var over i 1878 kom det til eit fast samarbeid mellom Schøning og Krohn-linjen, som i lag skipa eit nytt selskap, Det Bergensk-Nordlandske Dampskibsselskab. I 1883 hamna både «Michael Krohn» og «John Schøning» i alvorlege havari. Begge skipa vart berga, men selskapet hama i så store økonomiske problem at dei byrja å forhandle med Det Bergenske Dampskibsselskab om ei overtaking. Sidan Bergenske samarbeidde tett med Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab på denne tida, var det naturleg å ta dei med i forhandlingane. Ved loddtrekning fekk Bergenske overtak «John Schøning» i april 1884 for 205 000 kroner.[1] Dei fekk òg eit anna skip, «Jonas Lie», medan Nordenfjeldske tok over to andre skip.

I august 1891 gjekk skipet gjennom ein hovudreparasjon ved Aker Mekaniske Verksted og fekk ny hovudkjel, donkeykjel, nye dekk og innreiing. Samstundes vart skipet omdøypt til «Juno». I 1897 fekk skipet stocklessanker.

Skipet gjekk på grunn i 1900 ved Rørvik og ho fekk sett inn 20 nye plater i skroget. Samstundes fekk ho ny innreiing og salong. I 1902 vart det sett inn ein ny donkeykjel på 80 pund. I 1904 grunnstøytte skipet på ny, denne gangen ved Valdersund. Skipet måtte denne gangen reparerast med 44 nye plater og fekk delvis ny innreiing.

I 1915 vart skipet ombygd til lastebåt. Nok ein gong gjekk skipet på grunn då ho grunnstøytte i Svelvikstraumen utanefor Drammen i desember 1919. Denne gongen stod ikkje skipet til å berge og 25. desember det året vart det kondemnert.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «D/S John Schnøning». Sjøhistorie.no. Henta 5. mai 2019.