DS «Nordstjernen» (1882)

norsk dampskip frå 1882

DS «Nordstjernen» ved Havnelageret i Oslo kring 1923.
Karriere  Noreg
Namn: DS «Nordstjernen»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Rostocker Schiff- & Maschinenbau i Rostock
Byggekostnad: 346 260 kr[1]
Verftsnummer: 73
Jomfrutur: Juni 1882
Omdøypt: «Deneb» i 1936
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JPCN
Lagnad: Bomba 1940
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 856 brt, 470 nrt
Lengd: 57,3 m
Breidd: 8,6 m
Djupgang: 6,5 m
Installert effekt : 154 nHk, 725 iHk
Framdrift: 2cyl. Comp. (A. Borsig, Berlin)
Fart: 10 knop
Generelle mål etter ombygging
Type: Lasteskip
Daudvekt: 750 tdw
Generelle mål etter ny maskin
Installert effekt : 400 iHk
Framdrift: Triple 3cyl. Exp. (A. Borsig, Berlin)

DS «Nordstjernen» (kallesignal JPCN) var eit dampskip bygt i 1882 som eit passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab. Skipet vart bygd ved Rostocker Shiff- & Maschinenbau i Rostock og levert i juni 1882 til ein kostnad på 346 260 kroner.[1] Det var det største og dyraste skipet til BDS til då og det 15. skipet i flåten deira med lugarplass til 64 passasjerar.

«Nordstjernen» var 57 meter langt med ein tonnasje på 856 brt.

Historie endre

Skipet gjekk i fast laste- og passasjerrute mellom Oslo og Tromsø og erstatta gamle DS «Nordstjernen» som hadde forlist. Stundom tok skipet òg turistturar frå Trondheim til Molde og frå Trondheim til Nordkapp om sommaren, og ho gjekk mellom anna den første reine turistruta til desse stadane i 1883. Frå 1884 segla ho to vekentlege ruter mellom Trondheim og Nordkapp i juni og juli. Rutene vart sidan utvida til Bergen.

I 1895 grunnstøytte «Nordstjernen» i Trondheimsfjorden, men var kunne halde fram i ruta, og i 1896 vart skipet modernisert med elektriske lys om bord. I 1897 grunnstøytte skipet på ny, denne gangen i Skjellanger. Innreiinga vart oppussa i 1899. Ein ny kjel på 90 pund vart sett inn i 1908.

7. februar 1913 gjekk skipet på grunn nær Oksøykalven, og medan det vart reparert hos Mjellem & Karlsen vart ho ombygd til eit reint lasteskip med ein kapasitet på 750 tdw. I 1924 vart skipet ombygd på ny på verftet til BDS i Laksevåg med nye, brukte kjelar og ein ny motor, ein tredobbel ekspansjonsmotor frå 1917 frå J.W. Klawitter i Danzig, kjøpt frå Reichsmarineamt. I 1929 fekk skipet straumlinjeror. 14. januar 1932 grunnstøytte skipet ved Skomakeren.

Skipet fekk nytt namn «Deneb» den 2. november 1936 då den nye DS «Nordstjernen» vart levert. Sommaren 1939 var ho i fraktfart mellom Sør- og Nord-Noreg.

I april 1940 vart «Deneb» nytta av britiske styrkar i Nord-Norge. 20. mai 1940 vart ho råka av ei bombe i eit tysk flyåtak, sett i brann og sokk ved Harstad. På den tida låg ho ved sidan av eit britisk lasteskip og lasta flydrivstoff so ho skulle frakte til Skånland.[2] Dei hadde alt lasta 200 tonn då det tyske flyet gjekk til åtak og begge fartøya vart sette i brann. Mesteparten av mannskapet var på land, men to vart drepne av splintar då dei prøvde å kome seg av skipet og i tryggleik.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «D/S Nordstjernen». Sjøhistorie.no. Henta 5. mai 2019. 
  2. «D/S Deneb».