DS «Nova» (1921)

norsk, seinare britisk, dampskip frå 1921
DS Nova (1921).jpg
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Nova»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Ardrossan Dry Dock & Shipbuilding Co. i Ardrossan i Skottland
Byggekostnad: 552 771 kr[1]
Verftsnummer: 316
Jomfrutur: desember 1921
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LCGN
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 972 brt, 451 nrt
Daudvekt: 1 200 tdw.
Lengd: 212,5 fot (64,8 m)
Breidd: 33,7 fot (10,3 m)
Djupgang: 12,5 fot (3,8 m)
Installert effekt : NHK 142 IHK 700
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Plenty & Son Ltd., Newbury)
Fart: 9,5 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Carmarthen Coast»
Eigar: Coast Lines Ltd.
Kjøpt: 1923
Heimehamn: Liverpool
Lagnad: Minesprengt i 1939

DS «Nova» (kallesignal LCGN) var eit dampskip bygt i 1921 som lasteskip.

Skipet vart opphavleg levert til Den Norske Amerikalinje som «Langfjord», men alt same månaden vart det selt til Det Bergenske Dampskibsselskab, som gav det namnet «Nova». Det meste av karrieren var skipet britisk og gjekk under namnet «Carmarthen Coast».

HistorieEndra

Skipet vart kontrahert av Skibs-A/S Thor Thoresens Linje i Kristiania og skulle hatt namnet «Svanfos».[2] Skipet vart bygt ved Ardrossan Dry Dock & Shipbuilding Co. i Ardrossan i Skottland og vart levert i desember 1921 til Den Norske Amerikalinje i Kristiania som «Langfjord». Alt same månaden vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) for 552 771 kroner[1] og fekk namnet l «Nova».

Skipet gjekk inn i Frankrikeruta til BDS og segla til Dunquerque i slutten av desember 1921.[3] Etter kort tid gjekk skipet i ruta mellom London og Austersjøen. Sommaren 1922 gjekk skipet i godsrute nordover til Kirkenes, før det igjen gjekk til Austersjøen. 14. november 1922 vart det kjend at BDS hadde selt «Nova» til britiske Coast Lines Ltd. i Liverpool for 25 000 britiske pund.[4] Dei gav skipet namnet «Carmarthen Coast». Årsaka til salet skal ha vore at skipet hadde for dårleg stabilitet for BDS.

9. november 1939 vart skipet minesprengt og sokk tre nautiske mil utafor Seaham.

SkipetEndra

Tonnasjen til skipet var ved levering 972 brt, 451 nrt og lasteevna var 1 200 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 268 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Plenty & Son i Newbury. Oppgjeven yting var 700 iHk (indikerte hestekrefter) og 142 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9,5 knop.[1]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Nova». Sjøhistorie.no. Henta 6. mai 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 40. Henta 6. mai 2020. 
  3. «Bergenskes linjer». Bergens Tidende. 22. desember 1921. s. 6. Henta 6. mai 2020. 
  4. «Det Bergenske dampskibsselskab har solgt dampskibet «Nova»». Bergens Tidende. 14. november 1922. s. 7. Henta 6. mai 2020.