DS «Nova» (1925)

norsk dampskip frå 1925
Karriere  Noreg
Namn: DS «Nova»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Ateliers et Chantiers de la Seine Maritime i Le Trait i Frankrike
Byggekostnad: 853 712 kr[1]
Verftsnummer: 32
Jomfrutur: juli 1925 h
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LCUK - LFGP
Lagnad: Forliste desember 1949
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 1382 brt, 810 nrt
Daudvekt: 1459 tdw.
Lengd: 231,4 fot (70,5 m)
Breidd: 34,2 fot (10,4 m)
Djupgang: 21,8 fot (6,6 m)
Installert effekt : NHK 189 IHK 900
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Worms & Cie, Le Trait)
Fart: 10,5 knop
Passasjerar: 56 passasjerar

DS «Nova» (kallesignal LCUK - LFGP) var eit dampskip bygt i 1925 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen og nova syner til ei pulserande stjerne.

Historie endre

Skipet vart bygt ved Ateliers et Chantiers de la Seine Maritime i Le Trait i Frankrike og kosta 853 712 kroner[1] då det vart levert i juli 1925.[2] «Nova» gjekk inn i ruta til Færøyane og Island og den første turen frå Bergen gjekk 12. august 1925.[3] I motsetnad til DS «Lyra», som òg gjekk i Islandsruta, gjekk «Nova» rundt heile Island.[4]

I oktober 1926 var «Nova» utsett for kraftig uvêr ved Island. I Húsavík var det vind opp i orkan styrke. Her var det ingen kai og lossinga gjekk føre seg ute på hamna. Skipet vart hald ei ro ved hjelp av anker og motorkraft, men det var ikkje nok og eine ankerkjettingen sleit seg og både ankeret og kjettingen gjekk tapt. I ein stad Bergens Tidene i ein artikkel om hendinga kalla Haavfsvaag gjekk det enno verre. Her var det heller ikkje kai og enno meir ope ut mot storhavet. Her mista «Nova» det andre ankeret og ankerkjettingen. Skipet dreiv mot land og rørte òg grunnen, men fekk ingen lekkasje og stakk til havs. Det vart òg nokre skadar på dekk under uvêret.[5] På den neste turen til Island gjekk det ikkje særleg betre. 5. november gjekk «Nova» ut frå Bergen på veg mot Færøyane med både gods og passasjerar. Litt ut i Nordsjøen var sjøen så grov at ein valde å snu attende til Bergen. Sjøen slo over det store skipet, tre dører vart slått inn og motorlivbåten vart ramponert. I tillegg vart det ein del annan skade.[6]

30. desember 1926 og utover vinteren gjekk «Nova» i Bergenske-Neptunlinjen mellom Trondheim og Antwerpen i Belgia. 19. februar 1927 gjekk «Nova» ein ekstratur til Gøteborg med utstyr og mannskap til MY «Stella Polaris», som skulle ut på den første turen sin 26. februar. Då «Nova» var ferdig med denne turen gjekk det attende i ruta til Island. Etter kvart gjekk ruta frå Oslo til Island. I desember 1927 vikarierte «Nova» i ruta til DS «Irma» til Rotterdam.

28. juli 1929 rende «Nova» på eit isfjell under tett tåke på nordkysten av Island. Skipet vart lekk men kunne gå til Isafjord, der det vart reparert.

Skipet fortsette å gå i Islandsruta i fleire år, men ruta var som regel stoppa i dei verste vintermånadane, då «Nova» ofte vikarierte i andre ruter, mellom anna Englandsruta til Newcastle, Rotterdamruta og Hamburgruta mellom Trondheim og Hamburg.

9. mai 1935 gjekk «Nova» på grunn ved Langøya i Langesundsfjorden. Skipet kom seg av grunna for eiga hjelp.[7]

Vinteren 1938-1939 var skipet vikar i ruta til Frankrike og Hamburg, som då gjekk heilt til Vadsø. Frå hausten 1939 gjekk «Nova» i godsruta mellom Oslo og Kirkenes og var framleis i denne ruta då krigen braut i Noreg 9. april 1940. 5. april dette året segla skipet ut frå Tromsø på veg til Kirkenes.

Andre verdskrigen endre

Den 7. juni 1940 hadde statsråd Trygve Lie eit møte med den kommanderande admiralen H. Diesen, den britiske marineattachéen kontreadmiral H. Boyes og fungerande skipsdirektør, kaptein O. Siem og stabssjef for sjøforsvarsdepartementet G. Hovdenak i Tromsø. Dei valde å sende skipa i den norske handelsflåten som var i Nord-Noreg på denne tida til ei britisk hamn, for å hindre at dei fall til tyskarane.[8]

Skipa skulle samlast i Kågsund nord for Tromsø og vere klare for avgang same kvelden. Admiral Cunningham sende to væpna trålarar for eskorte, med vilkår om at avgang ikkje skulle vere seinare enn midnatt, elles ville ein ikkje kunne nå att ein saktegåande britisk evakueringskonvoi, som skulle forlate Harsta kl. 22 den kvelden. Då Hovdenak kom til Kågsund den kvelden, i lag med løytnant R. Tamber, var det berre fire skip som var klare til å segle. På grunn av faren for flyåtak gav Hovdenak ordre om å segle, utan å vente på andre skip. Tamber gjekk ombord på «Nova», som i lag med DS «Hestmanden», drog avstad og nådde den britiske konvoien den 11. juni. Dei nådde fram til ThorshavnFærøyane den 12. juni. Fleire andre norske skip kom seg avstad i dagane som følgde. Nokre av dei vart angripne av tyskarane.[8]

Tidlegare, før Noreg kapitulerte, hadde «Nova» blitt brukt til troppetransport i Nord-Noreg, etter at dei allierte styrkane hadde gått i land. Det hadde lossa lasta si i Hammerfest og fekk ordre om å gå til Tromsø av den norske marinen for å gjere seg klar til å ta ombord tyske krigsfangar. Det gjekk så til Narvik der 32 fangar frå marinen kom ombord. «Nova» transporterte òg mannskapet på ein tysk trålar som vart kapra av den norske marinen. Fangane vart førte til ein stad utafor Hammerfest. Etter Narvik vart atterobra av dei allierte den 28. mai, transporterte «Nova» 80 kringsfangar til Troms.[8]

«Nova» hadde 82 tyske krigsfangar ombord då det for ut frå Kågsund til Thorshavn den 7. juni. Tyske bombefly følgde dei og skaut lenge mot «Nova» med maskingevær, men slapp ingen bomber. Det kan hende at piloten kjende til dei tyske krigsfangane ombord.[8] Den norske kanonbåten KNM «Frithjof Nansen» eksorterte dei på denne reisa. Fangane vart sette i land i Thorshavn, men då dei kom fram var det berre 81 fangar ombord. Kva som hadde skjedd med den 82. mannen fann ein aldri ut av. Nova heldt så fram til Glasgow.[8]

11. juli var «Nova» ein del av konvoi OB 182, som gjekk ut frå Liverpool og vart oppløyst 14. juli. Kva målet var kjenner ein ikkje til. Månaden etter var «Nova» ein del av konvoi OB 197 som skulle over Atlanterhavet. Denne la ut frå Liverpool den 13. august og vart spreidd den 16. «Nova» kom fram til Montreal i Canada den 26. august, etter å ha segla ut frå Glasgow den 12. Frå Montreal segla det til Port Alfred, før det heldt fram til Sydney i Canada. Her slutta det seg til konvoien HX 73, på veg til Liverpool med ei last av papir og aluminum. Eit av skipa i konvoien, britiske «Dalveen», vart søkkt i eit flyåtak den 28. september. «Nova» nådde fram til Preston den 29. september, der det verka å ha lege i fleire månader før det segla til Liverpool den 2. april 1941.[8]

Månaden etter er det oppført i konvoien OB 319, som segla frå Liverpool den 7. mai og vart spreidd den 13. mai. «Nova» kom fram til Reykjavik dagen etter, og segla til Storbritannia att seinare same månad. I juni 1941 segla det i konvoien OB 334, som segla frå Liverpool 11. juni. «Nova» var igjen på veg til Reykjavik, der det kom fram 18. juni. Skipet var attende i Storbritannia i juli og segla attende til Island og attende att seinare denne månaden. og igjen i slutten av august 1941 og november.[8]

«Nova» fortsette å segle i denne ruta i 1943 og 1944, men kan kanskje i periodar ha blitt liggande i Reykjavik.[8] 21. juli 1944 var skipet i konovien RU 127 på veg til Leith, der det kom fram 26. juli.

Etter krigen endre

7. august 1945 segla «Nova» frå «Leith» og kom fram til Bergen for første gongen i fredstid den 10. august 1945. Skipet hadde så fleire reiser over Nordsjøen til Newcastle, Aberdeen og Færøyane, før det vart sett inn i ruta til Antwerpen utover vinteren 1945-1946.[8] Her gjekk skipet fram til mai 1948, då det tok nokre månader avbrekk i ruta til London. I august 1948 var skipet attende i ruta til Antwerpen. I januar 1948 vart «Nova» ombygd til oljefyring i Antwerpen.

13. mars 1949 var skipet i trøbbel i ein storm i Nordsjøen, 60 nautiske mil vest av Lindesnes. Det hadde fått eit motorhavari og lasta hadde forskyvd seg slik at det fekk slagside. Skipet hadde 20 passasjerar ombord. Radioen var blitt defekt så ein fekk ikkje kontakt med skipet verken frå Stavanger radio eller frå skipet MS «Astrea», som skulle kome til assistanse. Etter kvart fekk «Nova» sendt telegram om at det hadde det gjekk med to sylindrar i motoren og var på veg til Kristiansand for sakte fart. Behovet for assistanse for «Astrea» var derfor ikkje naudsynt. Morgonen 14. mars kom «Nova» fram til Kristiansand.[9] Juli til september 1949 gjekk skipet inn i ilgodsruta til Tromsø, før det gjekk attende i ruta til Antwerpen.

19. desember 1949 grunnstøytte «Nova» to nautiske mil nord for Obrestad fyr på reise frå Antwerpen til Bergen med 38 passasjerar ombord og stykkgods, mellom anna 500 tonn jarn. Losskøyta «Rott» og Espevær-kutteren «Sølvøy» tok med seg passasjerane til Tananger. Maskinrommet vart fylt med vatn og det vart sendt fleire båtar for å prøve og berge skipet.[10] Rullesteinar stakk inn inn gjennom skroget og inn i maskinrommet og stod så fast at det ikkje var mogeleg å dra det av. I tillegg bles det storm i dagane etter grunnstøytinga og sjøen vaska konstant over skipet.[11] Under sjøforklaringa vart det spekulert i om den kraftige slingringa skipet opplevde, opp til 32 grader, førte til at styrekompasset «vandra» mykje og viste avvik. Dermed kunne kursen ha vore for langt aust. I tillegg kan uvêret ha ført til sterk straum inn mot land. Skipet gjekk på grunn i 06-tida om morgonen. Skipet var lekk i forskipet og vatnet seig inn maskinrommet. Ein meinte derfor at det ikkje var tilrådeleg å bakke skipet av grunna, sjølv om det på dette tidspunktet hadde vore mogeleg. Maskinen vart då stoppa og livbåtane sett på vatnet.[12] Skipet vart i april 1950 selt som vrak til Stavanger Skipsopphugging.

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 382 brt, 810 nrt og lasteevna var 1 459 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 750 , der 358 m³ var fryserom. I 1937 vart rom nr. 1 isolert for lagring av kvalkjøt.

Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Worms & Cie i Frankrike. Oppgjeven yting var 900 iHk (indikerte hestekrefter) og 189 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10,5 knop.[1] Skipet vart ombygd til oljefyring i 1947.

Skipet hadde rom til 22 passasjerar på 1. plass (1. klasse) og 34 på 3. plass.[1] I 1938 vart tredjeplass ominnreidd og skipet fekk ny radio.

I 1929 fekk skipet straumlinjeror, og i 1933 vart det sett inn ekkolodd.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «D/S Nova». Sjøhistorie.no. Henta 17. mai 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 47 og 50. Henta 21. juni 2020. 
  3. «Fra havnen». Bergen: Bergens Tidende. 13. august 1925. s. 5. Henta 21. juni 2020. 
  4. «Det Bergenske Dampskibsselskab». Bergen: Bergens Tidende. 23. juli 1925. s. 6. Henta 21. juni 2020. 
  5. «Bergenske «Nova» i storm». Bergen: Bergens Tidende. 25. oktober 1926. s. 7. Henta 21. juni 2020. 
  6. «Bergenske «Nova»i Islandsruten returneret til Bergen i haverert stand». Bergen: Bergens Tidende. 6. november 1926. s. 4. Henta 21. juni 2020. 
  7. «Bergenskes «Nova» på grunn i Langesundsfjorden». Bergen: Bergens Tidende. 9. mai 1935. s. 5. Henta 21. juni 2020. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 8,6 8,7 8,8 «DS Nova». USA: Warsailors.com. Henta 23. juni 2020. 
  9. ««Nova» maskinskade og slagside i Nordsjøen». Bergen: Bergens Tidende. 14. mars 1949. s. 1. Henta 21. juni 2020. 
  10. «Bergenskes «Nova» strandet på Jæren i dag morges». Bergen: Bergens Tidende. 19. desember 1949. s. 1. Henta 21. juni 2020. 
  11. ««Nova» blir etter alt å dømme vrak». Bergen: Bergens Tidende. 20. desember 1949. s. 1. Henta 21. juni 2020. 
  12. «Skyldtes «Nova»s grunnstøting sterk inngående strøm?». Bergen: Bergens Tidende. 23. desember 1949. s. 3. Henta 21. juni 2020.