DS «Pallas» (1922)

norsk dampskip frå 1922
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Pallas»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Danziger Werft & Eisenbahnwerk A/G i Danzig i Tyskland
Byggekostnad: 211 705 kr[1]
Verftsnummer: 24
Jomfrutur: juni 1922
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LDFB - LEPK
Lagnad: Forliste 1940
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 556 brt, 298 nrt
Daudvekt: 550 tdw.
Lengd: 154,0 fot (46,9 m)
Breidd: 24,2 fot (7,4 m)
Djupgang: 17,5 fot (5,3 m)
Installert effekt : IHK 380
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Danziger Werft)
Fart: 9 knop

DS «Pallas» (kallesignal LDFB - LEPK) var eit dampskip bygt i 1922 som lasteskip og kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i 1923. Det gjekk i kystfart for BDS til det kolliderte og sokk i februar 1940.

Skipet var systerskip til DS «Clio»

HistorieEndra

Skipet vart bygt ved Danziger Werft & Eisenbahnwerk A/G i Danzig i Tyskland. Skipet vart fullført av verftet og lagt opp i påvente av kjøparar. Det Bergenske Dampskibsselskab kjøpte skipet for 211 705 kroner[1] og fekk det levert i juni 1923 i lag med DS «Clio» som vart bygt og kjøpt samstundes.[2] Begge skipa gjekk inn i godsruta mellom Vestlandet og Tromsø, men «Pallas» gjorde enkelte ekstraturar til Frankrike og Antwerpen.

31. mars 1926 grunnstøytte «Pallas» ved GrønøyaHelgelandskysten og vart ståande fast. Den sørgåande hurtigruta DS «Dronning Maud» kom til staden og vart liggande til det vart lyst for å trekke skipet av grunnen. Ein prøvde først med ei 8-toms manillatrosse, men denne slitna alt ved halv fart. Så vart det prøvd med ein 4-toms stålwire, men denne slitna òg. Ein prøvde så med ankerkjettingen til «Pallas», men nok ein gong slitna det, og ein måtte vente til det vart flo sjø. Då fekk ein skipet av grunna. Det var ingen store skadar på skipet.[3] Skaden vart taksert til 17 240 kroner og skipet i skadelidt tilstand til 160 000 kroner.[4]

5. februar 1927 gjekk «Pallas» på grunn att, denne gongen ved Mosjøen. Skipet var seint på kvelden kome til innløpet av Mosjøen då det i mørkret gjekk på grunn, og vart ståande fast like akter for midtskips. Ein gjekk straks i gang med å tømme ballasttankane for å lette skipet, og sette ut varpanker. Under dette arbeidet glei skipet av grunna sjølv. Sidan det var mørkt og dårleg sikt, valde dei å gå attende til Sandnessjøen, der dei kom frå og vart liggande der over natta.[5] Forpiggen hadde lekkasje og tok inn vatn, men ein klarte å ha kontroll over situasjonen ved hjelp av pumpene ombord på skipet. Skipet gjekk så til Rørvik, som hadde bergingsstasjon, for å få dykkarar til å undersøke skaden og tette lekkasjen.[6] Fleire baugplater måtte skiftast, i tillegg til ein del av kjølen og stamnskoen.[7] Frå mars 1932 byrja skipet å gå i ruta Oslo-Kirkenes.[8] I april 1938 vart skipet lagt i opplag i Bergen, men gjekk enkelte turar som reserverskip. Hausten 1938 og fram til januar 1939, og igjen sommaren og hausten 1939 låg «Pallas» og systerskipet «Clio» som kornlager for staten i Bergen. Først utpå hausten 1939 gjekk skipet turar i ruta Oslo-Tromsø.

3. februar 1940 kolliderte «Pallas» med den finske damparen «Wipunen» ved Kvalen nord for Haugesund på reise frå Bergen til Oslo med stykkgods. Skipet sokk få minutt etter kollisjonen. Ein passasjer og mannskapet på 16 vart berga i god hald ombord på «Wipunen», som førte dei til Haugesund. I følgje mannskapet skal «Wipunen» brått ha endra kurs mot «Pallas». Like etter gav «Wipunen» tre støyt i fløyta for å signalisere at det gjekk akterover, men det var for seint. «Wipunen» gjekk med stor fart inn i «Pallas», og råka skipet like ved maskinrommet og trengde seg djupt inn i det. Lysmaskinen gjekk så det vart stummande mørkt, og det vart raskt tydeleg at «Pallas» kom til å gå ned. Samanstøyten var så kraftig at dei to skipa vart hengande saman. Det finske dampskipet kasta ut ein leider og alle ombord på «Pallas» kunne gå ombord på «Wipunen». Då siste mann forlet «Pallas», låg dekket alt i vasspegelen.[9] «Pallas» var fullasta då ulukka skjedde, mellom anna med tusen fat olje og ein del stykkgods.[10] Nordlandsmålaren Einar Berger hadde sendt 50 måleri med «Pallas», som alle gjekk tapt i forliset.[11] Lasta på «Pallas» var vurdert til kring ein halv million kroner, medan skipet i seg sjølv var verdt mellom 200 000 og 300 000 kroner.[12] Utgiftene til «Wipunen» for reparasjonen og anna kom totalt på 140 til 150 000 kroner.[12] Kapteinen på «Wipunen» vart frifunnen i sjøretten, og BDS måtte betale 1200 kroner i sakskostnader.[13]

SkipetEndra

Tonnasjen til skipet var ved levering 556 brt, 298 nrt og lasteevna var 550 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 890 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Danziger Werft. Oppgjeven yting var 380 iHk (indikerte hestekrefter) som gav ein toppfart på 9 knop.[1]

I 1930 fekk skipet sett inn straumlinjeror og i 1936 propellar av rustfritt stål.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Pallas». Sjøhistorie.no. Henta 16. mai 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 42. Henta 16. mai 2020. 
  3. «Fra sjøretten». Bergen: Bergens Tidende. 6. mars 1926. s. 4. Henta 14. mai 2020. 
  4. ««Pallas» skade». Bergen: Bergens Tidende. 15. april 1926. s. 7. Henta 16. mai 2020. 
  5. «Da «Pallas» var paa grund ved Mosjøen». Bergen: Bergens Tidende. 9. februar 1927. s. 7. Henta 17. mai 2020. 
  6. «Bergeneskes «Pallas» grundtstøtt ved Sandnessjøen». Bergen: Bergens Tidende. 7. februar 1927. s. 1. Henta 17. mai 2020. 
  7. ««Pallas» skade». Bergen: Bergens Tidende. 10. februar 1927. s. 7. Henta 17. mai 2020. 
  8. «Bergenske». Bergen: Bergens Tidende. 4. april 1932. s. 3. Henta 17. mai 2020. 
  9. «Bergenskes «Pallas» sunket». Bergen: Bergens Tidende. 3. februar 1940. s. 1. Henta 17. mai 2020. 
  10. «Da «Pallas» blev rent i senk av den finske damper «Wipunen»». Bergen: Bergens Tidende. 6. februar 1940. s. 2. Henta 17. mai 2020. 
  11. «Sjøbilledene gikk i sjøen». Bergen: Bergens Tidende. 7. februar 1940. s. 1. Henta 17. mai 2020. 
  12. 12,0 12,1 «Bergenskes «Pallas» mot den finske damper «Wipunen»». Bergen: Bergens Tidende. 4. juli 1940. s. 3. Henta 17. mai 2020. 
  13. «Wipunen's kaptein frifunnet». Bergen: Bergens Tidende. 16. juli 1940. s. 3. Henta 17. mai 2020.