DS «Uranus» (1874)
norsk, tidlegare svensk, dampskip frå 1874
Karriere | Sverige |
---|---|
Namn: | DS «Svea» |
Eigar: | Ångbåts AB |
Verft: | Bergsunds Mek. Verkstad i Stockholm |
Jomfrutur: | 1874 |
Heimehamn: | Stockholm |
Kjennemerke: | JQRS |
Generelle mål | |
Type: | Lasteskip |
Tonnasje: | 497 brt, 376 nrt |
Lengd: | 46,6 m |
Breidd: | 7,6 m |
Djupgang: | 4,0 m |
Installert effekt : | 45 NHk |
Framdrift: | 2cyl. Compound (Bergsunds) |
Karriere | Noreg |
Namn: | DS «Uranus» |
Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
Kjøpt: | Mars 1878 for 100 000 kr |
Heimehamn: | Bergen |
Lagnad: | Forliste i 1889 |
DS «Uranus» (kallesignal JQRS) var eit dampskip bygt i 1874 som DS «Svea», eit lasteskip for Ångbåts AB i Stockholm. Skipet vart bygd ved Bergsunds Mek. Verkstad i Stockholm i Sverige. Skipet var ein delvis stormdekkar med bru og bakk. Skipet hadde òg segl som framdrift.
Historie
endreI mars 1878 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab for 100 000 kr. Dette vart gjort for å styrke rutefarten til Bergenske mellom Bergen og Lofoten. Bergenske kjøpte òg samstundes DS «Gøta», som fekk namnet DS «Saturnus».
Skipet forliste den 1. desember 1889 ved Grøtøleden i Vedøysund i Steigen på veg til frå Vesterålen til Bergen med stykkgods.
Sjå òg
endreFor andre skip med same namn, sjå Uranus.
Kjelder
endre- Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 4–19. Henta 1. mai 2019.