Daae er eit norsk slektsnamn. Namnet kan førast attende til Jonas Edvardsen (eller Jon Effuertsen) Daae (død 1688), kjøpmann i Trondheim. Hans son Anders Daae (1680–1763) gav opphav til ei av dei største embetsmannsslektene på Vestlandet.[1]

Anders Daae og Birgitte Munthes hadde mellom anna desse etterkommarane:[2]

  • Jonas Daae (1717–1777), sokneprest i Vik, prost
  • Karen Cahtrine Daae (1718–1796), gift med major Frederik Wilhelm Tuchsen
  • Ludvig Daae (1723–1786), soknprest i Lindås (omtala som «Mag.» eller «Magister»), far til
    • Anders Daae (1758–1816), sokneprest i Leikanger, prost i Sogn, gift tre gongar, far til
      • Ludvig Daae (1786–1831), sokneprest i Lærdal, hans barn:
        • Anders Daae (1814-1887), realskulelærar, far til
          • Ludvig Daae (1846-1886), sokneprest i Herøy
        • Christopher Frimann Daae (1825–1893), sokneprest til Vaagen
        • Elise Benedicte Daae (1830–) gift med Hans Christian Nimb, sokneprest i Fjellberg og enkemann etter søskenbarnet Anne Sophie H. Daae
      • Gerhard Heiberg Daae (1788–1860), offiser, dottera:
        • Anne Sophie Heiberg Daae (1825–1849), gift med Hans Christian Nimb, sogneprest i Fjellberg
      • Anders Daae (1789–1837), jurist, tollkasserar, gift med sin tremenning Cathrine E. v.d. Lippe Knagenhjelm Daae (dotter av sokneprest Anders Gertsen Daae i Luster)
      • Johan Christopher Haar Daae (1796–1822), sokneprest i Kautokeino
      • Hans Daae (f. 1808), sokneprest i Kragerø
    • Johan Christopher Haar Daae (1759–1827), prest i Herøy, far til
      • Ludvig Daae (1792–1879), offiser, kjøpte Solnør, far til
      • Anders Daae (1802–1866), sokneprest i Kvernes og prost for Nordmøre
      • Sarah Margrethe Daae (1806–1841), mor til Suzannah Ibsen
    • Ove Christian Leyrdahl Daae (1767–1840), sokneprest i Hafslo
    • Iver Munthe Daae (1771–1849), sokneprest i Fana, far til
      • Claus Daae (1806–1896), prest og stortingsmann
      • Drude Kathrine Daae (fødd 1817) gift med Claus Ernst Lampe (1807–1894)
      • Jens Kobro Daae (1811-1897), prest i Haram og Bø i Telemark
      • Adolf Christie Fritzner Daae (1820-1902), soknepres i Luster
      • Aadel Christie Fritzner Daae (1822–1859) gift med sin tremenning Melchior M. Daae
    • Ludvig Daae (1774–1843), sokneprest i Gloppen, far til
    • Christen Daae (1776–1854), sokneprest i Lindås, far til
  • Anne Dorothea Daaa (1725-1771), gift med presten og godseigar Henrik Finde[3]
  • Gert Daae (1728–1784) sokneprest i Luster, gift med Cathrine Elisabeth Knagenhjelm 1734–1808) dotter av Hans Knagenhjelm i Kaupanger, barn:
    • Anders Daae (1763–1803), sogneprest i Luster, hans dotter:
      • Cathrine E. v.d. Lippe Knagenhjelm Daae (1801–1862) gift med sin tremenning juristen Anders Daae
    • Hans Knagenhjelm Daae (1764–1821), gift med Cathrine M.H. Falch dotter av Melchior Falch
      • Melchior Michael Daae (f. 1815), offiser
    • Joachim Knagenhjelm Daae (1767–1829), offiser

Kjelder

endre
  1. SNL: Daae lese 10.mars 2013.
  2. Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.
  3. NRK fylkesleksion om Finde og Daae lese på nett 1.juni 2013.