Dactylorhiza majalis ssp. majalis

underart i planteriket
Dactylorhiza majalis ssp. majalis

Status i verda: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. majalis
Vitskapleg namn
Dactylorhiza majalis ssp. majalis
(Rchb.) P.F.Hunt & Summerh.
Økologi
Habitat: kalkrik eng
Utbreiing: Europa

Dactylorhiza majalis ssp. majalis er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Tidlegare vart denne underarten, som ikkje veks i Noreg, kalla kongsmarihand i Artsdatabanken, men dette namnet er no teke i bruk for arten Dactylorhiza majalis.

Systematikk endre

D. majalis ssp. majalis er nominatunderarten i kongsmarihand-gruppa D. majalis.[2] Heile gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantene engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.[3]

I Litauen er dei ulike underartane i majalis-gruppa rekna som eigne artar, slik at han der heiter D. majalis.[4] Det same gjeld i Benelux.

Underartar av kongsmarihand i Noreg er smalmarihand (ssp. sphagnicola), lappmarihand (ssp. lapponica) og purpurmarihand (ssp. purpurella).

Utbreiing endre

D. majalis ssp. majalis blir rekna som nær truga (NT) i Sverige[5] og livskraftig i Danmark (LC).[6] Det svenske namnet er majnycklar og det danske namnet er mai-gøgeurt.

I Litauen (litauisk namn plačialapė gegūnė) er han i sterk nedgang og finst berre heilt søraust i landet. Han er rekna som sterkt truga (EN).[4][7]

I Benelux veks arten (nederlandsk namn brede orchis, fransk namn orchis à larges feuilles) spreidd over det meste av Nederland. I Flandern i Belgia er han sjeldan, men i Vallonia er han noko vanlegare.[8][9] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sårbar (VU, kwetsbaar),[10] I Belgia er rekna som sårbar (VU, vulnérable) i Flandern og nær truga (NT, espèce quasi menacée) i Vallonia.[11][12] I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).[13]

Hybridar endre

Det er registrert hybridar med grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × majalis ssp. majalis eller Dactylorhiza ×aschersoniana nothossp. aschersoniana),[14] i Sverige,[15] i Danmark,[16] i Litauen[4] og i Nederland.[17] I Sverige er det òg registrert hybridar med voksmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. ochroleuca × majalis ssp. majalis eller Dactylorhiza ×aschersoniana nothossp. templinensis).[18][19]

Hybridar med skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. majalis eller Dactylorhiza ×braunii nothossp. braunii)[20] er registrert i Sverige[21] og i Danmark,[16] og med eitt gammalt funn i Nederland.[22] Hybridar med flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × majalis ssp. majalis eller Dactylorhiza ×senayi nothossp. senayi)[23] er likeeins funne både i Sverige,[24] Danmark[16] og Nederland (der kalla Dactylorhiza maculata × majalis).[25]

Hybridar med stormarihand (Dactylorhiza majalis ssp. majalis × majalis ssp. praetermissa eller Dactylorhiza majalis nothossp. godferyana, alternativt Dactylorhiza ×godferyana) er registrert i Nederland.[26][27] Dette er då truleg den same som òg er funnen i Danmark (der med namnet Dactylorhiza majalis ssp. integrata var. integrata × Dactylorhiza majalis ssp. majalis).[28]

I Nederland var det kring 1920 gjort nokre funn av ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med narrmarihand (Anacamptis morio × Dactylorhiza majalis ssp. majalis eller ×Dactylocamptis boudieri).[29][30]

Referansar endre

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar Dactylorhiza majalis subsp. majalis». Artsdatabanken. Henta 19. oktober 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre Dactylorhiza majalis majalis». Artsdatabanken. Henta 19. oktober 2022. 
  3. Genetisk variasjon og taksonomi i gruppa blir handsama i:
    Mikael Hedrén; et al. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 42-43. ISBN 9986-662-28-1. Henta 6. februar 2023. 
  5. «Artfakta: Dactylorhiza majalis subsp. majalis majnycklar». Artdatabanken. Henta 23. februar 2022. 
  6. «Naturbasen: Mai-Gøgeurt Dactylorhiza majalis». Naturbasen. Henta 23. februar 2022. 
  7. Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 400. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 6. februar 2023. 
  8. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza majalis». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  9. «Verspreidingskaart: Brede orchis – Dactylorhiza majalis». Waarnemingen.be. Henta 18. januar 2024. 
  10. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  11. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  12. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  13. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 
  14. «PoWO: Dactylorhiza × aschersoniana nothosubsp. aschersoniana». Plants of the World Online. Henta 27. januar 2023. 
  15. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. incarnata × majalis subsp. majalis äkta ängsnycklar × majnycklar». Artdatabanken. Henta 27. januar 2023. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Henrik Ærenlund Pedersen og Niels Faurholdt (2010). Danmarks vilde orkidéer. København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag. s. 69–77. ISBN 978-87-02-06386-8. 
  17. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza × aschersoniana». FLORON. Henta 16. januar 2024. 
  18. «PoWO: Dactylorhiza × aschersoniana nothosubsp. templinensis». Plants of the World Online. Henta 27. januar 2023. 
  19. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. ochroleuca × majalis subsp. majalis vaxnycklar × majnycklar». Artdatabanken. Henta 27. januar 2023. 
  20. «PoWO: Dactylorhiza × braunii nothosubsp. braunii». Plants of the World Online. Henta 27. januar 2023. 
  21. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii × majalis subsp. majalis skogsnycklar × majnycklar». Artdatabanken. Henta 27. januar 2023. 
  22. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza × braunii». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  23. «PoWO: Dactylorhiza × senayi nothosubsp. senayi». Plants of the World Online. Henta 27. januar 2023. 
  24. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. maculata × majalis subsp. majalis Jungfru Marie nycklar × majnycklar». Artdatabanken. Henta 27. januar 2023. 
  25. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza maculata × majalis». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  26. «PoWO: Dactylorhiza × majalis nothosubsp. godferyana». Plants of the World Online. Henta 18. januar 2024. 
  27. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza × godferyana». FLORON. Henta 18. januar 2024. 
  28. «Naturbasen: Ringplettet Gøgeurt × Maj-Gøgeurt Dactylorhiza majalis ssp. integrata var. integrata × Dactylorhiza majalis ssp. majalis». Naturbasen. Henta 5. mars 2024. 
  29. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylocamptis boudieri (×)». FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  30. «PoWO: × Dactylocamptis boudieri». Plants of the World Online. Henta 15. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff endre