Dactylorhiza ruthei

planteart
Dactylorhiza ruthei


Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. ruthei
Vitskapleg namn
Dactylorhiza ruthei
(M. Schulze ex Rhute) Soó
Økologi
Utbreiing: Polen og Estland

Dactylorhiza ruthei er ei plante med omdiskutert gyldigheit i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho veks ikkje i Noreg.

Systematikk endre

Dactylorhiza ruthei høyrer til kongsmarihand-gruppa D. majalis. Heile gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantene engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.[1]

D. ruthei liknar på Dactylorhiza majalis ssp. elatior, men har ei leppe med djup tredeling og ofte særs svake teikningar. Det er naudsynt med meir omfattande genetiske analysar for å kartgjere den systematiske posisjonen.[2]

To underartar har vore omtalte:[2]

Utbreiing endre

Arten vart først skildra frå kysten ved Świnoujście i Polen på 1800-talet. Han var lenge rekna for å være utdøydd der, men er no kjend frå tre små populasjonar.[4]

Arten vart funnen i Estland i 1974 (estisk namn Ruthe sõrmkäpp) og er registrert med nokre få funn på Saaremaa. Han har status som kritisk truga (CR).[5]

Referansar endre

  1. Genetisk variasjon og taksonomi i gruppa blir handsama i:
    Mikael Hedrén; et al. (2012). «Systematisk position av några norska Dactylorhiza-former» (PDF). Blyttia 70 (3): 139–155. ISSN 0006-5269. 
  2. 2,0 2,1 Rolf Kühn, Henrik Æ. Pedersen, Philip Cribb (2019). Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean. London: Kew Publishing. ISBN 978-1-84246-669-8. 
  3. «PoWO: Dactylorhiza ruthei subsp. osiliensis». Plants of the World Online. Henta 7. februar 2023. 
  4. Pierre Delforge and C.A.J. Kreuz (2005). «Remarks on Estonian orchids» (PDF). Les Naturalistes belges. 86 (Orchid. 18): 21–56. ISSN 0028-0801. 
  5. «eElurikkus: Dactylorhiza ruthei» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 7. februar 2023. 

Bakgrunnsstoff endre