Dafne av Jacopo Peri

Dafne er det tidlegaste kjende musikkverket, etter moderne standard, som kan reknast som ein opera.[1][2][3] Han vart komponert av Jacopo Peri i 1597, med ein libretto av Ottavio Rinuccini.

Dafne
Opera av Jacopo Peri
SjangerOpera
PeriodeBarokken
Komponert1597
Urframføring1597 eller 1598
Publiseringsdatomusikken tapt
Dafne jaga av Apollo, av Giovanni Battista Tiepolo, 1744.

Historie endre

Dafne er instrumentert for eit mykje mindre ensemble enn dei litt seinare operaene til Claudio Monteverdi, nemleg cembalo, ein lutt, ein gambe, ein erkelutt og ei trippelfløyte.[4] Peri tydde til ei ny utvikling på denne tida og oppretta resitativ, melodisk tale sett til musikk, som ein sentral del av opera.[5]

Historia omhandlar Apollon som forelskar seg i nymfen Dafne. Jacopo Peri skreiv Dafne for ein elitesirkel av humanistar i Firenze, Florentine Camerata, mellom 1594 og 1597, med støtte og kanskje samarbeid, med komponisten og vernaren Jacopo Corsi.[5][6] Han vart truleg først framført anten 1597 eller 1598 ved Palazzo Corsi.[7] Det var eit forsøk på å gjenskape gresk drama,[4] men i følgje moderne lærde var det langt frå noko dei gamle grekarane hadde kjent att.[5] I staden oppretta dei ei heilt ny musikkform som skulle var dei neste 400 åra.

Det meste av musikken til Peri er gått tapt, trass i at han var populær og kjend i Europa då han vart publisert. Ein har hatt 455 linjer frå librettoen. Den herskande Medicifamilien i Firenze var så nøgd med Dafne at dei let det neste verket til Peri, Euridice, verte framført som ein del av bryllaupsfeiringa til Marie de' Medici og Henrik IV i 1600.[8][9]

Kjelder endre

  1. JSTOR.org "Dafne", the First Opera. A Chronological Study
  2. ABC.net.au How the Quest Was Won
  3. NYTimes.com " TRAVEL ADVISORY; Opera's 400th Birthday Is Celebrated in Vienna"
  4. 4,0 4,1 NewAdvent.org
  5. 5,0 5,1 5,2 Jacopo Peri – Dafne
  6. JSTOR Peri and Corsi's "Dafne": Some New Discoveries og Observations, William V. Porter; Journal of the American Musicological Society, Vol. 18, No. 2 (Summer, 1965), s. 170–196
  7. NNDB's Jacopo Peri page
  8. News.com.au, arkivert frå originalen 28. juli 2007, henta 28. juli 2007 
  9. MusicWithEase.com "Opera Before Gluck

Bakgrunnsstoff endre