Dag Bjørndalen (fødd 2. april 1970) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Modum som vann VM-gull i lagøvinga i 1995 og tre medaljar i 4 x 7,5 km stafett i åra 1997-99. Han er storebror til Ole Einar Bjørndalen og medlem av Simostranda Idrettslag.

Dag Bjørndalen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. april 1970 (53 år)
Drammen kommune
Yrke skiskyttar, trenar
Høgd 175 centimeter

Aktiv endre

Dag Bjørndalen deltok under VM i skiskyting 1995 på det norske laget som vart verdsmeister i lagtevlinga; Frode Andresen, Halvard Hanevold og Jon Åge Tyldum var dei andre på laget.

Bjørndalen hadde sin styrke på standplass og deltok i alle meisterskapsstafettane i åra 1996-99. Han gjekk tredjeetappen 1996-98 og veksla då vidare til broren Ole Einar som alle desse sesongane avslutta for Noreg til høvesvis fjerdeplass i 1996, VM-sølv i 1997, OL-sølv 1998 og VM-bronse i 1999.

Bjørndalen vart nummer ti på 20 km under vinterleikane 1998 i Nagano, hans beste individuelle plassering i eit meisterskapsrenn. Tidlegare i same sesongen tok han andreplassen i ein 10 km på Lillehammer, hans einaste pallplass i eit verdscuprenn. Han enda som tolvtemann i verdscupen i skiskyting 1998.

Under noregsmeisterskapen i Tana i 1999 vann Bjørndalen både 10 km og 20 km.

Etter 1999-sesongen makta Bjørndalen ikkje å hamle opp med den ypparste verdseliten. Han la opp etter 2004-sesongen.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.