Dag Fornæss

norsk skeiseløpar og fotballspelar

Dag Fornæss (fødd 30. juni 1948) er ein norsk tidlegare skeiseløpar og fotballspelar frå Hamar.[1] I 1969 vart han både norsk, europeisk og verds-meister på skeiser. Han forsvarte noregsmeistertittelen i 1970 og 1971 og tok sitt andre europeiske meisterskap i 1971. Fornæss representerte Hamar Idrettslag på skeisebanen og Skeid på fotballbanen. Matematikaren John Erik Fornæss er ein eldre bror.

Dag Fornæss


Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. juni 1948 (75 år)
Hamar kommune
Idrett fotball, lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 1972, Skeise-VM 1969 for menn, Skeise-VM 1970 for menn, Skeise-VM 1971 for menn, Skeise-VM 1970 i sprint-firkamp, Europameisterskapen på skeiser 1969, EM på skøyter 1970, menn, EM på skøyter 1971, menn, EM på skøyter 1972, menn

Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje, Oscarstatuetten, Sportsjournalistenes statuett

Aktiv

endre

Skøyter

endre

Fornæss slo gjennom under NM 1969 på Lillehammer. Utan å vinne ein einaste av dei fire distansane tok han ein suveren siger, over eitt tidspoeng framom Magne Thomassen. Eit par veker seinare vart han europameister i tyske Inzell, heller ikkje der vann han nokon enkeltdistanse. Han fullenda sesongen med å verte verdsmeister i Deventer, også då utan å vinne ein distanse.

I 1970 vart Fornæss norsk meister på ny, då etter å ha vunne begge dei lengste distansane. Under EM 1970 kjempa han ein drabeleg kamp om EM-tittelen mot nederlendaren Ard Schenk, og trass i at han gjekk ein framifrå 10 000 m som han vann på tida 15.42,9, mangla han 1,8 sekundar på å innhente Schenk sitt forsprang frå dei tre tidlegare distansane. I VM 1970 på Bislett stadion i Oslo enda Fornæss på femteplassen. År 1970 vart elles den aller fyrste noregsmeisterskapen i skeise-sprint avvikla. Magne Thomassen frå Trondheim vann på heimebane, føre nettopp Dag Fornæss som sigra på den fyrste 500-meteren.

Fornæss tok sin tredje strake NM-tittel i 1971 på Melløs stadion i Moss. Her vann han ein klar siger, som året før vart Roar Grønvold nummer to. Også under europameisterskapen i Heerenveen imponerte Fornæss, med klare sigrar på både 5 000 m og 1500 m slo han toaren Ard Schenk med godt over eitt tidspoeng. Distansiger på 500 m under VM i Göteborg borga for at Fornæss skulle ta tilbake VM-tittelen, men svakare løp i resten av meisterskapen gjorde at han enda på fjerdeplass, over fire tidspeong bak den suveren vinnaren, Ard Schenk.

I 1972 vart Fornæss nummer to i NM, slått av Roar Grønvold. Grønvold vart også beste nordmann under EM med sin andreplass, Fornæss vart nummer fem. Under sprint-NM slo Fornæss opp ein gammal lyskestrekk og fekk resten av sesongen nærast spolert. Han satsa mykje på å kome i form til OL i Sapporo, men vart berre nummer 13 på både 1500 m og 10 000 m. Det vart hans avskjed med skeiseidretten.

Fornæss var aktiv fotballspelar på toppnivå for Skeid i 1970-72.

Fornæss vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje, Oscarstatuetten og Sportsjournalistenes statuett som «Årets idrettsnavn» i 1969.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Dag Fornæss». Store norske leksikon (på norsk). 22. januar 2023. 
  • Alt om skøyter, aktuelle årgangar.
  • Sportsboken, aktuelle årgangar.
  • (en) Dag Fornæss – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.