Dag Holmen-Jensen
Dag Holmen-Jensen (fødd 16. mai 1954) er ein norsk tidlegare skihoppar som var medlem av Fossum Idrettslag.
Dag Holmen-Jensen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. mai 1954 (70 år) |
Idrett | skihopping |
Han har ei NM-medalje, bronsemedalje i normalbakke på Fåvang i 1976. Johan Sætre vart suveren noregsmeister, Magnar Larsen kom på sølvplass.
Holmen-Jensen debuterte i verdscupen med 45. plass i Oberstdorf 30. desember 1979. Sesongen 1981 kom han på fjerdeplass i Lahti og var beste nordmann i tevlinga. 22. mars 1981 vann han avslutningsrennet i verdscupen. Han sigra i storbakken i Planica, framom verdscupvinnaren Armin Kogler. Sjølv vart han samanlagt nummer 17 i verdscupen, same plassering oppnådde han sesongen etter. I den tysk-austerrikske hoppveka 1981/82 vart han nummer seks i opningsrennet i Oberstdorf, og enda på åttandeplass samanlagt i hoppveka. Nummer åtte vart han også i verdsmeiserskapen i skiflyging i Kulm i mars 1982.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
endre- 1978: Nr 13 i Holmenkollen
- 1980: Nr 14 i Holmenkollen
- 1981: Siger i Planica
- 1982: Nr 8 i skiflygings-VM i Kulm, nr 6 i verdscupen i Oberstdorf
- 1983: Nr 7 i Bærum
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endre- Ski-NM 1975: Nr 9 i storbakken i Bærum
- Ski-NM 1976: Bronsemedalje i normalbakken i Fåvang
- Ski-NM 1977: Nr 4 i storbakken på Odnes
- Ski-NM 1978: Nr 7 i storbakken på Lillehammer
- Ski-NM 1979: Nr 9 i normalbakken i Sprova
- Ski-NM 1980: Nr 9 i normalbakken i Asker
- Ski-NM 1981: Nr 10 i normalbakken i Rælingen
- Ski-NM 1982: Nr 5 i normalbakken på Raufoss
- Ski-NM 1984: Nr 12 i normalbakken på Kongsberg
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar