Daily Express
Daily Express er ei britisk tabloidavis med eit opplag på 761 637 (per februar 2007).
Daily Express | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Type | Tabloidavis | ||
Grunnlagd | 1900 | ||
Eigarar | Richard Desmond | ||
Utgjevar | Express Newspapers | ||
Språk | Engelsk | ||
Politisk posisjon | Konservativ | ||
Opplag | 761 637 | ||
OCLC | 173337077 | ||
Nettstad | www.express.co.uk |
Avisa, som politisk er konservativ, blei grunnlagd i 1900. Søndagsutgåva, Sunday Express, vart lansert i 1918. Daily Express tilhøyrer Richard Desmond, og er flaggskipet i avisgruppa Express Newspapers, som òg gjev ut Daily Star.
Daily Express har hatt eit fallande opplag over dei siste 25 åra.
Den redaksjonelle linja er overvegande sensasjonsprega, og ho har sidan prinsesse Diana døydde i 1997 fleire gonger lagt fram konspirasjonsteoriar kring dødsfallet hennar som framsidestoff. Dette har medført at avisa er blit omtalt som Daily Ex-Princess og Diana Express