Dale i Vaksdal

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Dale.

Dale (poststadnamn Dalekvam) er ein tettstad og kommunesenteret i Vaksdal kommune i Vestland fylke. Gjennom Dale går både Bergensbanen/Vossabanen og E16.

Dale
tettstad
Vaksdal rådhus.jpg
Vaksdal rådhus på Dale
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Vaksdal
Areal 0,71 km²
Folketal 1 209 (2017)
Folketettleik 1 703 / km²
Postnummer 5722 DALEKVAM
Innbyggjarnamn daling
Preposisjon Dale

Dale i Vaksdal
60°35′20″ N 5°49′10″ E
Wikimedia Commons: Dale (Hordaland)

Sidan 1879 har det vore tekstilfabrikk på Dale som har utnytta krafta i Daleelva som kjem frå Bergsdalen. I 1992 vart denne tekstilfabrikken delt i to til dagens; Daletec som produserer flammehemmande metervare brukt til arbeidsklede for blant anna offshorenæringa, og Dale of Norway som produserer ullvareprodukt (hovudsakleg gensarar). I dag er det BKK som utnyttar krafta i Daleelva i vasskraftverket Dale kraftverk, som får vatnet frå magasinet Storefossdammen i Bergsdalen. Nedstraums Dale kraftverk er Daleelva rik på laks og sjøaure, og det føregår eit aktivt kultiveringsarbeid med å forvalta denne fiskestamma. Daleelva renn til slutt ut i Dalevågen.

Grannebygdene Dalseidet og Dalegarden vert rekna å høyra til Dale.

På Dale finn ein kommunale tenester som heradshus, legekontor, tannklinikk, lensmannskontor, NAV, barnehage, barneskule, ungdomsskule, Dale kyrkje, Daletunet omsorgssenter, samfunnssal (Dalehallen) m.m. Anna verksemd på Dale er Coop marked, Spar, fire frisørar, Mix-kiosk, Gyda, blomeforretning, Sparebanken Vest, lokalavisa Hordaland filial, Jernia/Expert, Steinriket Dale, to bensinstasjonar, Dale of Norway fabrikkutsal m.m.

Folk frå DaleEndra