Dalsøyra er ei bygd i Gulen kommune i Vestland. Bygda ligg på austsida av Eidsfjorden, ved munningen av Moldeelva.

Dalsøyra
Foto: Nina Aldin Thune
Kaien på Dalsøyra
Foto: Bjarne Thune
Butikken på Dalsøyra
Foto: Bjarne Thune
Telegrafstasjonen
Foto: Bjarne Thune

Her finst barnehage, Dalsøyra skule og butikk.

Den første landhandelen på Dalsøyra opna i 1902 av Isak Breidvik som også var damskipsekspeditør da fylkesbåtane fekk stoppestad her. Dampskipskaia vart bygd i 1911. Frå 1904 var Isak Breidvik og ansvarleg for ein telegrafstasjon inntil ca. 1920 da han vart flytta og staten tok over drifta.

Dalsøyra vart eigen poststad i 1905, og den første postopnaren var John J. Kjellevoll.

Dalsøyra har ei flystripe for mikrofly, Rompene Airport, som etter siste utbetring måler 210x20 meter.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Dalsøyra

60°55′58″N 05°08′09″E / 60.93278°N 5.13583°E / 60.93278; 5.13583