Dancehall Sweethearts
Dancehall Sweethearts Studioalbum av Horslips | ||
Utgjeve | 1974 | |
Innspelt | Rockfield Studios i Wales. Miksa i Kingsway Recorders i London i juni 1974. | |
Sjanger | Keltisk rock, progressiv rock | |
Lengd | 43:27 | |
Selskap | Oats (Irland), RCA (UK, USA, Tyskland) | |
Produsent | Fritz Fryer | |
Horslips-kronologi | ||
---|---|---|
The Táin (1973) |
Dancehall Sweethearts | The Unfortunate Cup of Tea (1975)
|
Dancehall Sweethearts er det tredje studioalbumet til det irske rockebandet Horslips. Det vart spelt inn medan fotball-VM 1974 pågjekk og var laust basert på reisene til den kjende blinde harpespelaren Turlough O'Carolan på 1700-talet. Tittelen og omslaget vart valde ut av bandet etter at plateselskapet deira var redde for at eit album om ein blind, irsk harpespelar ikkje kom til å selje bra nok.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Horslips brukte blåsarar på fleire av songane på albumet og songar som «Nighttown Boy» og «Sunburst» har element av blues, som òg var nytt for stilen deira. Som på dei to første albuma blanda Horslips tradisjonelle irske jig-ar og reel-ar inn i rockesongane sine. Det vart spelt inn ein video for den irske rikskringkastinga, RTÉ, der Horslips framfører «King of the Fairies» på taket til hovudkvarteret til Bank of Ireland i 1975.
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Nighttown Boy» | 5:08 |
2. | «The Blind Can't Lead the Blind» | 5:20 |
3. | «Stars» | 5:03 |
4. | «We Bring the Summer with Us» (instrumental) | 2:32 |
5. | «Sunburst» | 3:31 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Mad Pat» | 6:17 |
7. | «Blindman» | 3:33 |
8. | «King of the Fairies» (instrumental) | 4:40 |
9. | «Lonely Hearts» | 5:34 |
10. | «The Best Years of My Life» | 1:49 |
Medverkande
endre- Barry Devlin - bass, vokal
- Johnny Fean - gitar, banjo, vokal
- Jim Lockhart - klaverinstrument, fløyte, tinnfløyte, vokal
- Eamon Carr - trommer, bodhrán, perkusjon
- Charles O'Connor - fele, mandolin, concertina, vokal
- Teknisk
- Fritz Fryer - produsent, lydteknikar
- George Sloan - lydteknikar
- Paul Watkins - assisterande lydteknikar
- Ray Russell - blåsararrangement
- Ian Finlay - fotografi
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dancehall Sweethearts» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mai 2019.