Danebu
60°56′35.7″N 9°26′16.0″E / 60.943250°N 9.437778°E
Danebu er eit turistsenter i Nord-Aurdal kommune i Innlandet. Hytta ligg 985 moh. og 5 km aust for Aurdal i Valdres.
Danebu vart reist etter initiativ av P. Chr. Andersen for midlar samla inn blant norsk ungdom, og skjenkt til dansk ungdom ved Dansk Idrætsforbund som takk for at Danmark hjelpte Noreg under den andre verdskrigen. Hytta vart innvigd i 1950 og overteken av Dansk Folke-Ferie i 1976. Daneby vart utvida med utleigehytter i 1985–88.
Kjelder
endre- «Danebu» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad Arkivert 2014-01-03 ved Wayback Machine.