Daniel Fichelscher
Daniel «Danny» Secundus Fichelscher (fødd 7. mars 1953) er ein tysk multi-instrumentalist som spelte ei viktig rolle i krautrockbandet Popol Vuh, som medlem av den tyske gruppa Gila og som trommeslagar i Amon Düül II. Fichelscher er son av jazzpianisten og songaren Toby Fichelscher.[1]
Daniel Fichelscher | |||
Fødd | 7. mars 1953 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Berlin i Tyskland | ||
Fødenamn | Daniel Secundus Fichelscher | ||
Opphav | Tyskland | ||
Instrument | Gitarar, trommer, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Popol Vuh, Amon Düül II, Gila | ||
Plateselskap | Liberty, Pilz, Kosmische Musik, UA, PDU, Milan, Spalax, OHR, Brain Records | ||
Verka som | trommeslagar |
Karriere
endreDaniel Fichelscher var gjennom det meste av historia deira, den faste partnaren til Florian Fricke i Popol Vuh. Han var ikkje med frå starten av og kom inn i gruppa først i 1973 (tre år etter gruppa vart danna) for innspelinga av Seligpreisung og han erstatta då gitaristen Conrad «Conny» Veit året etter i 1974. Medan han var i Popol Vuh, spelte han òg stundom trommer og congatrommer med krautrockbandet Amon Düül II, som på albuma Carnival in Babylon (1972), Wolf City (1972; der han òg syng og spelar gitar) og Vortex (1981).[1] I lag med Fricke spelte han i Conny Veit si gruppe (Gila) på det andre albumet Bury My Heart in Wounded Knee.[1]
Fichelscher si rolle i Popol Vuh vart mindre viktig kring 1991 då Guido Hieronymus, òg vart henta inn til å spele gitar og som fekk stor innverknad på musikken til gruppa. Fichelscher vart likevel verande i gruppa fram til ho vart oppløyst då Fricke døydde i 2001. Sidan 2006 har Fichelscher igjen spelt trommer med Amon Düül II, og erstatta den opphavlege trommeslagaren deira, Peter Leopold.[2]
Diskografi med Popol Vuh
endre- Seligpreisung (1973)
- Einsjäger und Siebenjäger (1974)
- Das Hohelied Salomos (1975)
- Aguirre (1975)
- Letzte Tage - Letzte Nächte (1976)
- Herz aus Glas (1977)
- Nosferatu (1978)
- Brüder des Schattens - Söhne des Lichts (1978)
- Die Nacht der Seele (1979)
- Sei still, wisse ICH BIN (1981)
- Agape - Agape (1983)
- Spirit of Peace (1985)
- Cobra Verde (1987)
- For You and Me (1991)
Diskografi med Amon Düül II
endre- Carnival in Babylon (1972)
- Wolf City (1972)
- Live in London (konsert) (1973)
Diskografi med Utopia
endre- Utopia (gjeve ut på ny som Amon Düül II) (1973)
Bakgrunnsstoff
endre- Bilete av Daniel Fichelscher i 2006 med Amon Düül II
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Daniel Fichelscher» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- CD sleeve notes
- History of Popol Vuh
- Italian fan site, in Italian and English
- Dutch fan site in English
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Daniel Fichelscher - Biography Arkivert 2013-10-18 ved Wayback Machine., Popol Vuh.nl henta 8. mars 2013
- ↑ Amon Duul II official site - "History" Arkivert 2009-03-21 ved Wayback Machine. henta 8. mars 2013