Daniel Narcisse
Daniel Narcisse (fødd 16. desember 1979) er ein fransk tidlegare handballspelar, fødd på øya Réunion i Indiahavet. Han er firfaldig verdsmeister, trippel europameister og to gongar olympisk meister med det franske landslaget. I perioden 2000-17 deltok han i 311 landskampar for Frankrike og skåra 943 mål. På klubbnivå vann han EHF-meisterligaen i 2010 og 2012 med tyske THW Kiel. Han er elles fransk meister med Chambéry og med PSG, samt tysk meister med THW Kiel. Narcisse var rykkromspelar, oftast i rolla som spelstyrar. Han vart kåra til årets handballspelar i verda 2012.
Daniel Narcisse | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 16. desember 1979 (45 år) Saint-Denis |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004 |
Utmerkingar | Ridder av Æreslegionen, Årets handballspelar frå IHF |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Daniel Narcisse» frå Wikipedia på tysk, den 27. januar 2022.
Denne idrettsartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |