Daniela Sofia Korn Ruah (fødd 2. desember 1983[1]) er ein portugisisk-amerikansk skodespelar, best kjend for rolla som spesialetterforskar Kensi Blye i CBS-krimserien NCIS: Los Angeles. Ho var også ein av fire programleiarar for Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa.[2][3]

Daniela Ruah

Fødd2. desember 1983 (40 år)
FødestadBoston
FødenamnDaniela Sofia Korn Ruah
Aktive år2000–
Verka somskodespelar, fjernsynsskodespelar, modell, filmskodespelar
EktefelleDavid Paul Olsen

Bakgrunn endre

Ruah vart fødd i Boston i USA av portugisiske foreldre. Faren var kirurg og mora øyre-nase-hals-lege.[4] Då Ruah var fem år gammel, flytta familien tilbake til Portugal, der ho gjekk på ein engelskspråkleg skule.[4] Som 16-åring hadde ho sine fyrste roller i portugisiske telenovelaer, og ho vann ei dansetevling på portugisisk fjernsyn.[4][5] Da Ruah var 18 år, flytta ho til England og tok en bachelorgrad i utøvande kunst ved London Metropolitan University.[6] Ho flytta deretter tilbake til Portugal og fortsette skodespelarkarrieren, før ho flytta til New York i 2007 for å studere ved Lee Strasberg Theatre and Film Institute.

Ruah har jødisk opphav, både sefardar og askenasar.[7] Faren er av portugisisk-marokkansk-jødisk opphav, og familien til mora var russisk-ukrainske jødar som flytta til Portugal.[8]

Karriere endre

Ruah starta karrieren i portugisiske såpeoperaar som tenåring og hadde si fyrste større rolle som 16-åring, då hun spela Sara i såpeoperaen Jardins Proibidos ('forbodne hagar').[9]

Etter å ha studert utøvande kunst ved London Metropolitan University, flyttet Ruah tilbake til Portugal for å fortsette karrieren. Ho vann i 2006 Dança Comigo (den portugisiske utgåva av Skal vi danse?)[4][10] og fekk sidan hovudroller i tv-seriar, kortfilmar og teaterstykke.[11] I 2007 flytta ho til New York for å studere ved Lee Strasberg Theatre and Film Institute.[11]

Ruah spelar spesialetterforskaren Kensi Blye i fjernsynsserien NCIS: Los Angeles, som fyrste gong vart send 22. september 2009. I 2011 spela ho same rolle i ein gjesteopptreden i serien Hawaii Five-0.[12] I 2013 spela ho i dramastykket Proof av David Auburn ved Hayworth Theatre i Los Angeles.[13]

I mai 2018 leia Ruah Eurovision Song Contest 2018 saman med Catarina Furtado, Sílvia Alberto og Filomena Cautela.[14]

Ruah er gift og har to barn.[15]

Kjelder endre

  1. «Daniela Ruah profile». TVGuide.com. Arkivert frå originalen 3. april 2016. Henta 29. juli 2016. 
  2. «Who are Eurovision 2018 presenters Filomena Cautela, Sílvia Alberto, Daniela Ruah and Catarina Furtado?». The Sun (på engelsk). 10. januar 2018. Henta 30. januar 2018. 
  3. «Eurovision 2018: Who is Daniela Ruah? - ESCToday.com». Eurovision News, Polls and Information by ESCToday (på engelsk). 23. januar 2018. Henta 30. januar 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Henerson, Evan (8. november 2012). «Film Fest celebrates Sephardim». The Jewish Journal of Greater Los Angeles. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 1. mars 2015. 
  5. Sancton, Julian (8. august 2011). «Daniela Ruah Officially Checks In». Esquire. Arkivert frå originalen 17. juni 2016. Henta 11. april 2012. 
  6. «Hollywood movie and major LA pilot for London Met graduate». London Metropolitan University. 19. oktober 2009. Arkivert frå originalen 24. oktober 2009. Henta 28. februar 2015.  Arkivert 24. oktober 2009 på Wayback Machine.
  7. Henerson, Evan (8. november 2012). «Film Fest celebrates Sephardim». The Jewish Journal of Greater Los Angeles. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 1. mars 2015. 
  8. Miller, Gerri (28. august 2014). «NCIS: Los Angeles' Daniela Ruah on Interfaith Marriage and Motherhood». InterfaithFamily.com. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 3. mars 2015. 
  9. «IMDB Daniela Ruah». Henta 22. april 2016. 
  10. Nicki Gostin (29. februar 2012). «Meet the 'NCIS:LA' star who won 'Dancing' in another country». Edition.cnn.com. Henta 9. april 2015. 
  11. 11,0 11,1 Maria Ana Ventura (1. november 2011). «Daniela Ruah – Shoot for the stars». UP Magazine. Arkivert frå originalen 11. februar 2017. Henta 17. september 2013. 
  12. Gonzalez, Sandra (7. september 2011). «'NCIS: LA' exec producer spills on Kensi's trip to 'Hawaii Five-0', possibility of another crossover». Entertainment Weekly. Henta 17. september 2013. 
  13. King, Susan (7. mai 2013). «The Whitmore family will never grow out of this stage». Los Angeles Times. Arkivert frå originalen 7. desember 2015. Henta 29. juli 2016. 
  14. «Here come the girls! Presenters of Eurovision 2018 revealed!». eurovision.tv. 8. januar 2018. Henta 30. januar 2018. 
  15. Kimble, Lindsay; Michaud, Sarah (7. september 2016). «Daniela Ruah Welcomes Daughter Sierra Esther». People. Arkivert frå originalen 10. september 2016. Henta 11. september 2016.