Daqing (gul) i Heilongjiang
Kommunistparti-bygningen i Daqing

Daqing er eit byprefektur sørvest i provinsen Heilongjiang i Kina, i sør grensar det mot provinsen Jilin. Byprefekturet har eit areal på 22 161 km² og 2 904 532 innbyggjarar i 2010. Vel 1,04 millionar bur i byen/byområdet Daqing.

Byprefekturet Daqing omfattar fem distrikt (区 ), tre fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke.

NæringEndra

Daqings næringsliv er basert på olje og petroleumsindustri, då Kinas største oljefelt ligg i prefekturet. Feltet er det fjerde største produksjonsfeltet i verda.

Bruttonasjonalprodukt per capita i Daqing er det åttande høgste av 657 utvalde byar i Kina.

SamferdsleEndra

Kinas riksveg 301 går frå Suifenhe via mellom andre Mudanjiang, Harbin og Qiqihar til Manzhouli i Indre Mongolia.

KjelderEndra